Ungguten som tidlegare har spelt i Fredrikstad og Sarpsborg 08, spelte ein omgang då Hødd slo Træff på heimebane Laurdag. Spissen kom seg til eit par gode sjansar, men noterte seg ikkje for scoring. Etter kampen var han likevel nøgd med eigen prestasjon.

– Som spelar er eg hurtig og hardtarbeidande, og eg føler eg får vist fram litt av det i dag. Det viktigaste er at eg ser at eg kjem meg til sjansane, så sit dei når sesongen starta, smiler Rahhaoui.

Rahhaoui er 19 år gamal og fekk 7 kampar for Fredrikstad sitt A-lag i fjor. For B-laget scora han 10 mål på 18 kampar, og no håpar han å utvikle seg vidare i ein ny klubb.

– Eg ser etter ny klubb, men om det blir Hødd eller ikkje vil tida vise. Eg har fått beskjed om at eg skal spele mot Sogndal, så får vi sjå kva som skjer etter det, avsluttar han.