Landsdelsamlingane til NFF har fått ny struktur i 2017, og i år skal alle spelarane som er tatt ut samlast i Sarpsborg. Tidlegare har samlingane vore delt mellom Trondheim og Sarpsborg.

Ifølgje NFF sine nettsider er målet med desse samlingane mellom anna at spelarane skal få inspirasjon til å trene endå hardare, få referansar og læring på fotballfaglege ting, i tillegg til at deltakinga er med på å danne basis for uttak til G15-landslag samt nasjonale tiltak seinare i år.

Frå Sunnmøre er det plukka ut tre gutar fødde 2002 og tre fødde 2003. I den eldste gruppa finn ein Sindre Kleiven frå IL Hødd, saman med Ola Ljosa og Isak Endal frå AaFK.

AaFK har også med to spelarar i 2003-gruppa, med Ulrik Syversen og Johannes Fylling, medan Ellingsøy IL sin Fredrik Sørensen også har fått plass her.