Sogndal - Hødd 1-2

– Me fekk ein forferdeleg start, men eg er veldig godt nøgd med måten me svarar på. Me kjempar på og dreg i land sigeren på tampen, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

Han meiner gutane hans spelte ein god treningskamp i Saftbygda, der mellom anna dei tre prøvespelararane Badr Rahhaoui, Fitim Kastrati og Adnan Haidar fekk vist seg fram.

– Me har hatt ein tøff vinter der me har tapt med stygge siffer. Me er eit heilt nytt lag, men no har me to sigrar på rappen - og framleis er det ein månad å rette på ting fram til seriestart, seier Eid.

Laget frå Ulsteinvik fekk den verst tenkelege starten i Sogndal då heimelaget tok leiinga allereie etter berre to minuttar. Sogndal-spiss Andreas Lerheim Olsen banka ballen i krysset, utagbart for Hødd-målvakt Jan-Lennart Urke, etter at Sogndal rulla fint opp langs venstresida.

Det var vertane som styrte det meste av banespelet det første kvarteret, før Hødd kom meir inn i kampen. Utover i omgangen var gjestene frå Ulsteinvik nærast scoring. Torbjørn Kallevåg, Badr Rahhaoui og Didrik Sereba hadde alle sjansar til å utlikna for dei kvite og blå, men ein god sisteskanse hjå Sogndal gjorde at heimelaget leia til pause.

Løn for strevet fekk gjestene etter ein times spel då Didrik Sereba fiksa balanse i rekneskapen. Spissen viste fram den gode høgrefoten sin og skrudde ballen i mål etter eit frispark frå om lag 20 meter. Og det var ikkje ufortent at gjestene utlinka.

Like før slutt scora Fitim Kastrati sigersmålet for Hødd. Gjestene med ei fin kontring der dei rulla opp langs høgresida og framfor kassa stod Kastrati som hadde ein enkel jobb med å setja ballen i nota.

– I dag er me litt for hissige på ballen og gir den frå oss litt for enkelt i periodar. Men me kjempar på i 90 minutt og vinn fortent, sjølv om me møter eit noko redusert og ungt Sogndal-lag, seier Eid.