Laurdag fekk Badr Rahhaoui 45 minutt i 2-1 sigeren over Florø. Mot Sogndal spelte han 89 minutt på topp for Hødd, og i den andre omgangen fekk han selskap av to andre prøvespelarar.

Både Fitim Kastrati og Adnan Haidar kom inn for Hødd til den andre omgangen, og Kastrati var sist på ballen då Hødd avgjorde til 2-1.

Kastrati spelte sist sesong Obosligafotball for Bryne, men både han og Adnan Haidar har erfaring frå øvste nivå i norsk fotball. Faktisk har begge Tippeligakampar for Vålerenga, og Haidar har også spelt for Stabæk både i Tippeligaen og 1.-divisjon.

Dei siste sesongane har begge spelt på lågare nivå. Kastrati spelte for Hønefoss i 2015, før turen gjekk vidare til Bryne i 2016. Klubben ønskte i utgangspunktet å behalde 22-åringen, men Kastrati vart fristilt frå si kontrakt med jærbuane.

Også Adnan Haidar har vore i Bryne, og spelte på Jæren i 2014 og 2015, før turen gjekk vidare til HamKam, og seinast til 2.-divisjonslaget Moss i 2016. Haidar har spelt ni landskampar for Libanon.

Talent

Yngst av dei tre prøvespelarane er Badr Rahhaoui. 19-åringen har gått gradene i Sarpsborg 08, der han mellom anna har spelt for klubben sitt andrelag. Rahhaoui fekk ingen A-kampar for Sarpsborg 08 og gjekk vidare til Fredrikstad før 2016-sesongen. Der blei det sju A-kampar for FFK, i tillegg til 18 kampar og ti mål for B-laget. I perioden 2012 til 2016 har han også vore involvert i til saman 29 aldersbestemte landskampar for Norge.

Treningskampane til Hødd denne vinteren har vist at troppen er i tynnaste laget, og at ein bør forsterke før seriestarten 17. april, sjølv om både resultat og prestasjonar har vore betre dei to siste treningskampane.

- Så snart som råd

Men sjølv om det er ein månad igjen til PostNord-ligaen startar opp, har Hødd mindre tid på seg til å sette stallen. Overgangsvindauget stenger nemleg i månadsskiftet mars/april.

- Vi prøvar å få ting på plass så snart som råd. Samstundes må det vere slik at vi trur dei kan styrke oss og at dei passar inn i den troppen vi har, fortel Hødd sin sportssjef André Nevstad.

Han legg til at dei tre prøvespelarane reiste frå Ulsteinvik onsdag, og at det så langt ikkje er teke noko avgjerd på om Hødd ønskjer å knyte til seg ein eller fleire av dei.

- Målsetjinga vår var å verte kjende med alle tre. Både på korleis dei er som typar og elles. Alle tre har gitt eit bra inntrykk og vi hadde ein skikkeleg prat med alle før dei reiste. Også litt om korleis dei opplevde å vere hos oss, seier Nevstad.

Men når Hødd kjem til å konkludere kan ikkje sportssjefen seie så mykje om.

- Vi ønskjer å styrke troppen og har fått gjort ei god kartlegging av desse karane no. Men sjølv om vi ønskjer å sette ting så raskt som råd kan ein ikkje seie om det skjer noko om to dagar, fem dagar eller ti dagar, fortel Nevstad og legg til at ein også har med nokre andre i vurderinga.

Prøvespelarar og spelarstall var også tema under "Møteplassen" på Høddvoll fredag. Der fortalde Nevstad at nye spelarar er eit prioritert arbeid og at ein ikkje berre ønskjer å auke talet på spelarar, men vil ha inn nokon som kan forsterke laget.

Nevstad understreka også at det blir lagt ned mykje arbeid for å få på plass dei rette spelarane, sjølv om det så langt ikkje har resultert i nye signeringar etter at Preben Sætre vart henta inn i januar.

Så står det att å sjå om det ender med eit tilbod frå Hødd til nokon av dei tre prøvespelarane, eller om det dukkar opp andre moglege signeringar på Høddvoll i tida framover. Nevstad utelukkar nemleg ikkje at det kan kome fleire prøvespelarar til klubben allereie den komande veka.

I Ulsteinvik sidan fredag: Badr Rahhaoui spelte andreomgangen mot Træff i helga, og fekk nesten heile kampen borte mot Sogndal. Angriparen er dermed den av prøvespelarane Hødd har hatt best tid til å verte kjende med. Foto: Iver Vattøy Foto: Iver Vattøy