Tysdag 21. mars går det norske G17-laget sin første av tre kampar i eliterunden i EM-kvalifiseringa av stabelen. Laget skal spele tre kampar i løpet av fem dagar og det heile opnar mot Russland.

I Norge si gruppe finn ein også Israel og vertane Ungarn.

Hødd-spelaren Elias Flø har spelt på det norske G16 og no G17-landslaget sidan sommaren 2016, og er med i troppen til dei tre kampane i Ungarn.

Truleg er det dei to første kampane i kvalifiseringa, mot Russland og Israel som blir avgjerande for om det norske laget kan ta seg til EM-sluttspelet i Kroatia seinare i vår.

- Ungarn er kanskje eit hakk bak dei to andre. Det blir tre jamne kampar og det gjeld å ha matchvinnarar i begge endar for å hevde seg her, seier landslagstrenar Erland Johnsen til fotballforbundet sine nettsider.

Torsdag møter Norge Israel, før Ungarn er siste kamp komande laurdag. Gruppevinnarane og dei sju beste gruppetoarane går til sluttspelet.