Hødd har hatt ei rekkje prøvespelarar på besøk den siste tida. Tidlegare har Andreas Breimyr og Andreas Birgersson vist seg fram på Høddvoll, medan trioen Badr Rahhaoui, Fitim Kastrati og Adnan Haidar alle var med til kampen mot Sogndal for ei veke sidan.

Men no er det to nye karar som har funne vegen til Høddvoll. Og der dei tidlegare prøvespelarane anten har vore angriparar eller midtbanespelarar er det no to forsvararar som prøvar seg på treningsfeltet.

Hødd sin sportssjef, André Nevstad, fortel at klubben ønskjer å sjå på potensielle nye forsvarsspelarar, spesielt etter at Hugues Wembangomo gjekk til Brattvåg og Vegard Heltne har hatt litt skadetrøbbel i løpet av vinteren.

Stoppar og back

Durim Muqkurtaj har spelt i Hønefoss BK dei siste fem åra, men gav seg i klubben ved årsskiftet. I vinter har han trent både med 1.-divisjonsklubbane Florø og Elverum og med 2.-divisjonsklubben Asker, men no er han på plass på Høddvoll.

Muqkurtaj er ein 23 år gamal forsvarsspelar, som ifølgje André Nevstad trivst best som stoppar.

Også 22-åringen Dadi Dadou Gaye kan spele stoppar seier Nevstad, men har i hovudsak spelt på ein av backane. Han er ein spelar Hødd fekk tips om frå Didrik Sereba.

– Han er ein god kamerat av Didrik, og var interessert i å kome oppover for å vise seg. Han har tidlegare spelt for Vålerenga sitt rekruttlag og spelt mykje i andredivisjon. Han har også vore innom Follo, utan å slå skikkeleg gjennom der, og så har han no spelt i Lørenskog i 2.-divisjon. Der har han etter rapportane gjort det temmeleg bra, seier Nevstad.

Han slår fast at det er for tidleg å seie om dei to prøvespelarane kan vere aktuelle for Hødd, men at dei blir verande med klubben nokre dagar.

– Eg reknar med at desse karane blir med oss til og med onsdag og så får vi sjå, også på ein del andre ting vi jobbar med. Vi hadde jo også nokre spelarar på besøk sist veke og har desse gutane som spelar i litt andre posisjonar denne veka.

Ønskjer fleire utespelarar

Hødd har hatt sju prøvespelarar på besøk i løpet av dei siste vekene, men så mange nye spelarar blir det ikkje i klubben.

– Vi skal ikkje ha inn alle, men vi har 15 utespelarar i troppen og ønskjer å ha inn fleire. Samstundes vil det også vere litt avhengig av om nokon går andre vegen, seier Nevstad.

Dadi Dadou Gaye har tidlegare spelt for Vålerenga 2, Follo og Lørenskog.