Sist helg deltok Pernille Eiken Fosse under Norgescupkonkurranse for nasjonale klasser i Stavanger. Ho var einaste deltakaren frå Hødd i denne konkurransen, og leverte karrierebeste og 6.-plass.

– Pernille turnar no i klasse 1 (13-14 år) og har lagt ned mykje hardt arbeid for ei god oppkøyring mot årets fyrste noregscupkonkurranse. Ho turna ei solid konkurranse i helga og enda på sterke 53.9 poeng etter alle fire apparata. Dette var ei svært god plassering med heile 100 deltakarar i denne klassa. Ho var fattige 0,8 poeng frå 2.-plassen, fortel trenar Vidar Fosse.

Han legg til at Pernille turna til ny bestenotering i skranke, som er hennar favorittøving. Der blei det heile 15,35 poeng.

– I bomøvinga si turna ho til 13.75 poeng, men fekk to fall og dermed to poeng mindre enn ho kunne klart utan fall. Pernille har ikkje høgaste vanskegrad i frittståande, men turnar reint og fint i øvinga si og fekk 13.1 i karakter. I hopp gjorde eit godt hopp med ”halv-inn/heil-ut” og fekk karakteren 11,7, fortel Fosse.

Neste konkurranse for Pernille Eiken Fosse kjem allereie den komande helga med den internasjonale konkurransen Unni & Haralds Pokal i regi av Oslo Turnforening.

Spente før første konkurranse

Også Edel Charlotte Eiken Fosse har kome i gang med sin konkurransesesong. Helga 11. og 12. mars var i aksjon under årets første Norgescup-konkurranse for internasjonale klasser. Konkurransen vart arrangert i det flotte anlegget til Nordstrand Turnforening, som seinare i år skal brukast under junior-NM. Denne konkurransen var også kvalifisering for uttak til juniorlandslaget.

– Edel Charlotte vart nummer fem i juniorklassa i det som vart hennar generalprøve før Unni & Haralds pokal-konkurransen komande helg. Etter ei lang treningsperiode og to landslagssamlingar var Edel Charlotte klar for FIG-Elitekonkurranse laurdag og for firekamp sundag. Både trenar og gymnast var spente på forma sidan dette var første konkurransen i vår, fortel Vidar Fosse.

Han seier at Edel Charlotte treng konkurransetreninga før ho mellom anna skal ut i ei ny FIG-konkurranse i Asker og junior-NM på Nordstrand i slutten av april. Ifølgje Fosse er desse konkurransane viktige for å kunne kvalifisere seg til Nordisk meisterskap i Oslo, samt til ei stor internasjonal konkurranse i Gent og til Europeisk Ungdoms OL i Ungarn.

– Edel Charlotte turna ein firekamp litt under det ein kan forvente grunna eit fall i bom og nokre feil i frittståandeøvinga si, seier Vidar Fosse.

Trenaren forklarar at gymnasten fekk eit fall i bomkonkurransen, men at frittståande gjekk bra og at Edel Charlotte leverte to doble saltoar, og at ho er ei av to jenter i juniorklassen som gjer dette.

– Skrankeøvinga var siste apparat for Edel og her gjer ho no ny øving med alle internasjonale krav. Ho turna ei god øving sjølv om ho var litt uheldig i eit av elementa sine. Edel Charlotte gjer no elementa som vert kravd i ei internasjonal firekamp i turn. Det er det berre to av gymnastane som viste på denne konkurransen, fortel Vidar Fosse.

På juniorlandslaget

Edel Charlotte Eiken Fosse enda på ein femteplass i firekampen, på det trenaren karakteriserer som ein middels god dag i turnhallen, men gymnasten har uansett fått gode nyhende i forkant av den komande internasjonale konkurransen i Oslo.

– Denne veka fekk Edel Charlotte brev om at ho er teken ut på juniorlandslaget for 2017, fortel Vidar Fosse.

Pernille Eiken Fosse leverte karrierebeste i sin firekamp i Stavangerm mellom anna med ny bestenotering i skranke. Foto: Arkivfoto.