Hødd-rekruttane møtte onsdag Rollon til treningskamp på Høddvoll. For Rollon var kampen oppvarming til NM-kvalifisering.

Heimelaget stilte med to prøvespelarar i midtforsvaret frå start, med Durim Muqkurtaj og Dadi Dodou Gaye på kvar sin stopparplass.

Hødd-forsvaret hadde også temmeleg bra kontroll defensivt i den første omgangen, men vart heller ikkje sett på dei altfor store prøvene av Rollon. Før pausen var det Muqkurtaj som var mest synleg, eller i det minste lettast å høyre, der han kommanderte dei rundt seg med stor iver. Den tidlegare Hønefoss-spelaren hadde likevel litt å gå på i pasningskvalitet, der ikkje alt gjekk dit stopparen ønskte.

Offensivt hadde Hødd 2 nokre fine angrep og skapte nokre brukbare moglegheiter på overgangar, men sistepasninga var nærast utan unntak for dårleg, og laget skusla vekk ei rekkje moglegheiter til å ta føringa i kampen. Heimelaget tok likevel leiinga etter om lag 26 minutt, då ein frisk Johannes Sundgot trekte innover frå venstre og plasserte ballen flottilengste hjørnet. Ei fin scoring frå Sundgot, som dessverre måtte ut med skade kort tid seinare.

Defensivt rot

Med betre presisjon og betre utnytting av store rom på motstandar sin halvdel kunne nok Hødd 2 ha lagt på fleire scoringar, men det stod 1–0 då laga gjekk til pause. Og kort tid etter kvilen fekk Rollon ein kjempesjanse til å utlikne.

Defensivt rot frå Hødd førte til at Durim Muqkurtaj vart åleine mot ein Rollon-angripar på veg inn i 16-meteren. Prøvespelaren sette inn ei takling, men såg ut til å treffe meir mann enn ball, og dommar peika resolutt på straffemerket. Men derfrå vart det bom, og Hødd 2 var framleis i leiinga.

Rollon skulle likevel få utlikninga, sjølv om Hødd på dette tidspunktet burde ha dobla leiinga. Dadi Dodou Gaye vart flytta ut på venstrebacken etter pause, og viste der prov på nokre spanande offensive kvalitetar. Mellom anna etter 55 minutt då han sette stor fart, tok seg forbi fleire Rollon-spelarar og enda opp med å sette opp ei kjempesjanse for Sander Djupvik. Han hadde med seg Sondre Beite i støtte, men forsøkte å avslutte sjølv med ei avslutning som gjekk til side for mål.

I staden utlikna Rollon få minutt seinare. Igjen rota Hødd 2 defensivt og Sander Jacobsen kom fri på hjørnet av 16-meteren. Muqkurtaj kom seg ikkje nære nok og skotet frå Rollon-ungguten passerte stopparen og sneik seg inn i det lengste hjørnet.

Hødd 2 skulle til slutt gjere som førstelaget har gjort i sine to siste kampar, og vann med 2–1 etter at Isak Haanes sende heimelaget tilbake i føringa noko minutt før full tid.

Hødd: Sivert Pieroth - William Fjørtoft, Durim Muqkurtaj, Dadi Dodou Gaye, Johannes Sundgot - Sander Djupvik, Daniel Haanes, Sveinung Tilseth Sæterås - Sondre Beite, Isak Haanes, Håkon Botn Brautaset.

Innbytarar: Aleksander Rekdal, Bam Hide, Petter Worren, Bastian Rasmussen.

Johannes Sundgot feirar etter å ha scora det første målet for Hødd 2, men måtte dessverre forlate banen med skade kort tid seinare.