Laurdag møtest Hødd og Førde til treningskamp på Høddvoll. For heimelaget blir det truleg med ein ny mann i kamptroppen.

Det ser ut til at Hødd nærmar seg årets andre nysignering. Dei siste vekene har mange spelarar prøvespelt på Høddvoll, men til no har ingen blitt signert. Det endrar seg kanskje innan kort tid. Torsdag var nemleg angriparen Badr Rahhoui tilbake på treningsfeltet.

Stort potensial

Betyr det at de er sikre på han, eller at de må sjå meir av han?

- Det betyr at han er her for å gå gjennom dei siste testane og medisinsk test, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

Og då blir han truleg Hødd-spelar?

- Ja, det skal det nok mykje til for at han ikkje blir det, fortel Eid.

Rahhoui er den av prøvespelarane som var lengst saman med klubben, og han spelte både mot Træff og Sogndal. Dermed har også Hødd fått gjort seg opp eit skikkeleg inntrykk av 19-åringen.

- Han er ein spelar med stort uforløyst potensial. Han har 30 kampar på aldersbestemte landslag med den erfaringa det gir. Han har rå hurtigheit og fysikk, er litt uferdig endå, men det er noko av det vi gler oss til å jobbe med. At vi skal finpusse dei tinga han skal bli betre på.

Sindre Eid skildrar angriparen som ein svært spanande unggut, men ein som allereie har rukke å få med seg ein del erfaring.

- Han har vore i ein toppklubb, og har god utdanning derfrå, i tillegg til at han har spelt i Obosligaen. Dette er ein spelar vi har forventningar til, både på kort og lang sikt, seier Eid.

Badr Rahhoui har vore i Sarpsborg FK, Kvik Halden, Sarpsborg 08 og Fredrikstad. I FFK var han involvert i sju kampar for A-laget i 2016, i tillegg til å score 10 mål på 18 kampar for andrelaget. Rahhoui har landskampar for G15, G16, G18 og G19-landslaget.

13 utespelarar torsdag

Allereie laurdag er Rahhoui venta å vere ein del av Hødd-troppen til kampen mot Førde.  Og det trengs, for det var ikkje meir enn 13 utespelarar som trente torsdag ettermiddag. I løpet av treninga fekk også Magnus Myklebust seg ein smell og måtte avslutte tidleg.

- Vi stiller med dei som er tilgjengelege. Vegard er ute, medan Sondre Beite spelte onsdag, så då trente ikkje han torsdag, men er klar til helga. Vi må også sjå korleis det går med Magnus. Vi har dei vi har frå A-stallen, og vi har med nokre rekruttar som heilt sikkert kjem til å spele ei rolle, seier Sindre Eid.

Fredag var meldinga frå Høddvoll at Myklebust ser ut til å vere i orden, og truleg er med til Førde-kampen.

Det skjer også mykje på Høddvol om dagen, og det vil nærast vere overraskande om Badr Rahhoui er den einaste nye som dukkar opp mot Førde.

Vil ha speleglede og energi

Etter to 2-1 sigrar på rad, mot Træff og Sogndal, håpar trenaren at Hødd kan halde fram med å bygge på det som har vore positivt i dei siste treningskampane. Torsdag var han nøgd med mykje av det offensive spelet som vart vist på trening, og Eid ønskjer å sjå meir av det mot Førde.

- Vi har jobba mykje med å vere gjennombrotshissige, å søke inn bak forsvaret. No var det veldig bra på denne treninga. Vi har sleppt litt opp på det fysiske hardkjøret, og skal bli lettare og lettare i beina framover. Det håpar eg viser igjen allereie på laurdag. Då håpar eg å sjå både speleglede, energi, god struktur og samhandling, seier Eid.

Superlaurdag

Det er ikkje berre A-laget som skal i aksjon på Høddvoll laurdag. Dagen startar tidleg med NM-kamp for Hødd sitt G16-lag. Dei møter Byåsen.

Deretter møtest Hødd og Førde, før begge Hødd sine damelag skal i aksjon seinare på ettermiddagen. Dermed blir det mange timar med fotball på Høddvoll denne laurdagen og gode moglegheiter for å sjå både topp og breidde.