Hødd dominerte førsteomgangen totalt og gjekk rett i strupen på Førdelaget. Heimelaget kom seg til sjanse etter sjanse, men det verka ikkje som om dei skulle få ballen i mål. Etter halvtimen byrja Førdelaget å kome litt inn i kampen og fekk eit par ufarlege cornerar. Etter 40 minutt tok Hødd endelig leiinga ved Sondre Beite. Høgrevingen sprang  frå Førdeforsvaet og sette ballen enkelt i mål åleine med keeper. Berre nokre minutt seinare kjempa Badr Rahhaoui ballen i mål etter eit innlegg frå Martin Mork Breivik. Vertane gjekk dermed til pause på stillinga 2-0.

Spennande 2.omgang

Førde var ein heilt anna versjon av seg sjølv etter kvilen. Dei kvitkledde gjestane spelte mykje betre og kom seg til fleire gode sjansar. Etter 60 minutt kom Sereba til ein stor sjanse på bakerste stolpe, men fekk ikkje avslutta skikkelig. 10 minutt seinare reduserte gjestane på eit frispark.

Dei siste 20 minutta bølgja spelet litt fram og tilbake, og kampen såg ut til å ebbe ut på stillinga 2-1. Like før slutt fekk Førde eit frispark frå omtrent 30 meter. Eit godt slått frispark enda på hovudet til ein Førdespelar som stanga ballen i mål.

Scoringa var det siste som skjedde i  kampen, og dermed enda kampen 2-2.

Mål:

Sondre Beite (40)

Badr Rahhaoui (44)

Gule kort:

Martin Mork Breivik (52)

Laget:

Urke

Mork Breivik-Törnqvist-Moltu-Sætre

Kallevåg-Rise-Torset

Beite- Rahhaoui- Sereba