Det melder Sarpsborg Arbeiderblad onsdag. Spissen blir lånt ut til Hødd for 2017-sesongen. Mbedule fekk ti kampar i eliteserien og cup for Sarpsborg 08. Han scora eitt mål i cupen.

Amani er ifølgje Hødd og sportssjef André Nevstad på plass i Ulsteinvik, og han blir mellom anna klubbkamerat med sarpingen Badr Rahhaoui, som for få dagar sidan skreiv under ein toårskontrakt med Hødd. Han blir også med Hødd på treningsleiren i England.

– Amani blir lånt ut til Hødd for heile 2017-sesongen, fortel sportssjef Thomas Berntsen i Sarpsborg 08 til Sarpsborg Arbeiderblad.

Sportssjefen fortel til avisa at konkurransen om spissplassane i Sarpsborg 08 er veldig tøff.

– Eg trur dette er veldig positivt for Amani. Han kjem til eit godt miljø kor han kan utvikle seg vidare og han skal framleis vere fotballspelar på heltid. 2. divisjon er eit fint utstillingsvindauge kor han kan ta nye steg, seier Berntsen.

Nokon som derimot ikkje blir med til England, er Robin Shroot og Fredrik Sjølstad, som begge skal ønskje seg vekk frå klubben.