Éin speler fast i Premier League, éin er landslagskeeper og dei tre andre er profilar for kvar sine lag i Eliteserien. Vi snakkar sjølvsagt om høvesvis Adama Diomandé (Hull), Ørjan Håskjold Nyland (FC Ingolstadt 04), Sivert Heltne Nilsen (Brann), Fredrik Aursnes (Molde) og Pål André Helland (Rosenborg). Dette er berre fire av mange, mange spelarar som har spelt for Hødd og hatt suksess i andre klubbar i etterkant. Dette er også fem spelarar som har nemnt Hødd og Høddvoll som ein av sine viktigaste læringsarenaer.

Det har 20 år gamle Amani Mbedule fått med seg, og han legg ikkje skjul på at alt det gode han har høyrt om klubben var ein viktig faktor for at han gjekk for å flytte til Ulsteinvik. Då er det ikkje rart at det var ein strålande nøgd kar Vikebladet Vestposten fekk møte i vårsola på Høddvoll onsdag ettermiddag, like etter at kontrakten var signert og låneovergangen frå Sarpsborg 08 var i orden.

- I Sarpsborg har det berre blitt med nokre innhopp, og eg ønskjer jo mest av alt å spele. Eg ønskte å finne ein stad der eg kunne utvikle meg vidare som fotballspelar, og difor var Hødd eit godt val for meg. Eg har høyrt mykje bra om klubben, og det er fleire som har vore her og utvikla seg til svært gode spelarar. Det er mange av dei som har spelt i Hødd som eg ser opp til, seier Amani.

Følgde kameraten til Hødd

Sarpingen Badr Rahhaoui signerte fredag i førre veke for Hødd, noko som også var med på å gjere valet for Amani enklare.

- Sjølv om eg er Fredrikstad-gut og han er frå Sarpsborg, som jo historisk sett har vore litt i klinsj med kvarandre, kjenner vi kvarandre godt. Det er godt å ha ein i klubben som eg kjenner godt frå før, men eg gler meg også til å bli kjent med resten av mine nye lagkameratar, seier Amani Mbedule.

Han ser fram til å springe ut på Høddvoll.

- Det blir godt å finne tilbake den gode fotballkjensla, å fylle på kontoen for sjølvtillit. Om eg speler bra vil det gjere at eg aukar sjølvtilliten min, og blir ein betre spelar i Sarpsborg når eg returnerer etter låneperioden, seier han.

Amani er lånt ut til Hødd i heile 2017-sesongen, og kjelder knytt til Sarpsborg 08 som Vikebladet Vestposten har vore i kontakt med, trur den lynkjappe angriparen kan kome til å score 30 mål for Hødd denne sesongen.

- Eg har store ambisjonar, og eg ønskjer å dunke inn mange "gollar", seier 20-åringen.

Vil gjere seg fortent til startplass

Det er ingen tvil om at det er ein sindig kar lokalavisa møtte på hovudtribuna på Høddvoll, der han kika på ein gutekamp mellom Hødd og Bergsøy. Men med eitt, då han såg ein av Hødd sine unge håpefulle i godt driv mot mål, braut han ut:

- Oi! Det var ein heftig tunnel!

Amani har ord på seg for å vere god til å lese spelet, og ifølgje han sjølv skal det bli ei tøff oppgåve for forsvararane han vil møte i årets 2. divisjon å stoppe han.

- Eg er ein spelar med mykje fart, i tillegg til at eg har ein solid venstrefot. Eg er ein type spiss som kan lukte mål og er kjapp til å reagere, anten det blir å prikke ballen i mål frå femmeteren eller å skyte i lengste frå 20 meter.

Han er klar på at han ikkje ønskjer å ha nokon form for fordel i forhold til førsteellevaren, sjølv om han no er utlånt frå eit eliteserielag.

- Nei, på ingen måte. Eg skal gjere meg fortent til ein plass på laget, og vise at eg er god nok. Det ansvaret ligg på meg sjølv, og eg skal gjere mitt beste for å vise både lagkameratane mine og Sindre (Eid) at eg fortener å spele, seier Amani og legg til:

- Hødd høyrer ikkje heime i 2. divisjon. Eg ønskjer å hjelpe laget opp igjen i Obos-ligaen, der vi faktisk høyrer heime.