Sportssjef i Hødd, André Nevstad, fortel at salet av Sjølstad til Kongsvinger var ei god løysing for alle partar

- Kongsvinger har vist interesse for Fredrik ei stund, og vi har hatt ein god dialog med dei. Dette var noko Fredrik har hatt lyst til sjølv, og vi har no fått til ein avtale som alle er nøgde med, seier sportssjef Andrè Nevstad.

Lovar fleire forsterkningar

Nevstad seier vidare at fleire forsterkningar er på veg til Hødd før overgangsvinduet stengjer fredag.

Les også: Amani klar for Hødd

Fredrik kom til Hødd i forkant av 2016-sesongen, og spelte 27 kampar i OBOS-ligaen (ingen skoringar) i blåkvitt.

- Vi takkar Fredrik for innsatsen i Hødd-trøya, og ønskjer han lykke til vidare, seier sportssjefen.

Robin Shroot skal også ha eit ønskje om å finne seg ein ny klubb, men kva som skjer med hans framtid er enno uvisst.