Onsdag kveld var Hødd ute i den nest-siste kampen i oppkøyringa. Motstandar var 3.-divisjonslaget Brattvåg. Dei slo Hødd tidlegare i oppkøyringa, men den gongen stilte Hødd med eit noko redusert lag. Sidan den gong har også begge laga henta fleire spelarar, og mellom anna har Hugues Wembangomo gått på lån frå Hødd til Brattvåg.

Som sist var det ein temmeleg jamn kamp frå start, men der det var Brattvåg som var farlegast frampå i opninga. Bortelaget kom seg mellom anna temmeleg enkelt fram på sidene og fekk slått ein del innlegg, men Hødd hadde stort sett brukbar kontroll bakarst.

Men også Hødd hadde nokre gode moglegheiter. Bendik Rise hadde nokre avslutningar som vart blokkert til corner, medan Bendik Torset hadde ein susar som gjekk over tverrliggjaren frå vel 17 meters hald.

Mål skulle det likevel ikkje bli i den første omgangen, sjølv om Bendik Rise hadde ballen i nettmaskane. Dessverre for Hødd sin del skjedde det like etter at dommar hadde blese av for pause.

I den andre omgangen var det Hødd som kom best i gong. Heimelaget tok over meir av spelet og hadde betre kontroll på det Brattvåg hadde å kome med frå start. Hødd la også om til ein 4-3-3 etter at Sondre Beite og Didrik Sereba kom inn for Bendik Torset og Magnus Myklebust.

Etter om lag 55 minutt burde Hødd ha skapt ein stor sjanse då Kallevåg og Sereba fekk kjemperom på Brattvåg sin halvdel. Kallevåg førte oppover bana og prøvde å stikke inn til Serebra, men ballen fekk litt for lite vinkel og gjekk heilt inn til keeper.

Nykomar Badr Rahhaoui fekk også ein kjempesjanse etter 67 minutt. Martin Mork Breivik sendte inn eit knallhardt, lavt innlegg i boksen, og Rahhaoui fekk avslutta kjapt. Ballen trefte minst ein forsvarar og kunne godt kva veg som helst, men enda til slutt på utsida av stolpen og Hødd fekk corner.

Ikkje lang tid seinare var det Sereba som fekk sjansen frå 17 meter og skrått hald, etter at eit langt kast frå Sætre hadde gitt Kallevåg mykje rom ute på venstresida. Avslutninga frå Sereba vart ikkje god nok. Og heller ikkje etter 71 minutt gjekk skotet på mål frå Sereba. Denne gongen var det Bendik Rise som leverte ei flott stikkpasning til kantspelaren.

Kampen vart også første sjansen til å vise seg fram i Hødd-drakta for Henrik Breimyr. Den eldste av dei to Breimyr-brørne som signerte for Hødd fredag viste seg som ein trygg og solid spelar, som tok tak på midtbanen til Hødd.

Brattvåg skapte lite i den andre omgangen. Torbjørn Grytten hadde eitt forsøk nokre minutt før slutt, men det gjekk til side for mål frå distanse.

Dermed enda det til slutt med 0-0 på Høddvoll. Hødd var betre enn sist dei møtte Brattvåg, men heller ikkje denne gongen klarte dei å slå 3.-divisjonslaget. Brattvåg har no tre kampar på rad mot Hødd utan å tape.

Hødd har ein test igjen før seriestarten. Den går laurdag mot HamKam.