Denne sesongen står det fleire store høgdepunkt på programmet for Karsten Warholm. Mellom anna er det friidretts-VM i London, samt U23 EM i Polen. I sistnemnte meisterskapen er Karsten Warholm ein av medaljefavorittane på 400 meter hekk, men allereie 15. juni får vi ein forsmak på kva som kan vere i vente frå supertalentet frå Dimna IL.

Under Bislett Games i Oslo skal nemleg Karsten Warholm utfordre sjølvaste Kerron Clement. Det blir ein real test for Warholm, for Clement er nemleg regjerande Olympisk meister på 400 meter hekk. Han er også dobbelt verdsmeister på denne distansen, og har i tillegg to VM-gull samt eit OL-gull på 400 meter stafett. Mot den erfarne og svært meritterte løparen får Warholm verkeleg vist kva han er god for.

Løpet på Bislett bør også gje ein god indikasjon på kvar Warholm står samanlikna med den ypparste verdseliten i inngangen til VM-sesongen.