Hødd skal ut i førsterundekamp mot 3.-divisjonslaget Spjelkavik. Fredag ettermiddag har Norges Fotballforbund offentleggjort oppsettet for den første ordinære runden i fotball-NM.

4.-divisjonslaget Volda kan bu seg på Eliteseriemotstand, då Molde tek turen til Volda stadion, medan det blir nabooppgjer mellom Herd og Aalesund på Herdbanen. For onsdagens treningskampmotstander Brattvåg blir det også Eliteseriemotstand, heime mot Kristiansund.

Hødd og Spjelkavik har spelt mot kvarandre i vinter. Då enda det med 1-0 siger til Hødd. Kampen skal spelast 26. april og blir dermed den andre heimekampen på Høddvoll denne sesongen.