Hødd tapte 2–1 mot eit godt HamKam-lag på Høddvoll laurdag, men sjølv om Hødd-spelarane helst skulle hatt eit betre resultat frå kampen var prestasjonane meir oppløftande enn på lenge.

– Det er mykje bra vi kan ta med oss frå denne kampen. Vi dominerer stort sett heile kampen. Dei skapar ein sjanse, som dei også scorar på, i tillegg til ei straffe. Det er rart at vi taper i dag, men det er ikkje no vi skal ta poeng. Sånn sett gjer det ikkje noko at vi taper denne kampen, så lenge vi spelar så bra som vi gjer, meiner Bendik Rise.

Han har vore i Hødd sin A-tropp sidan sist vår, og kan fort vere i startoppstillinga også mot Vard Haugesund om ei veke. Rise har nemleg starta begge dei to siste oppkøyringskampane for Hødd og ser ut til å ha spelt seg inn i Sindre Eid sine planar.

Møter lag i flytsona

Midtbanespelaren meiner det var små marginar og litt uflaks som førte til at det ikkje blei minst uavgjort mot HamKam. Til dømes gjekk bortelaget si andre scoring stolpe inn, medan Amani Mbedule heada i stolpen frå kort hald like før slutt.

– HamKam er også i flytsona. Dei har vunne 12 kampar på rad og då får dei med seg marginane. Vi har hatt litt motgang og då går det stolpe ut i staden. No satsar vi på at marginane skal vere med oss i tida framover og inn i seriestarten.

Mot Brattvåg sist heldt Hødd nullen for første gong sidan treningskampen mot Herd i februar. Det klarte dei ikkje laurdag, men Rise meiner laget viste bra framgang likevel.

– Vi har hatt god stigning heile vegen, og det er slik preseason skal vere. Vi skal ikkje vere best i januar, og har framleis endå meir å gå på inn mot seriestart dersom vi klarar å bygge vidare på det vi har gjort dei siste kampane. Kampane i januar og februar har vi gløymt for lenge sidan, slår Rise fast.

Scoringane mangla

Laget har i overkant av ei veke før alvoret tek til og Rise meiner det er ein ting Hødd manglar.

– Frispelingane offensivt har blitt veldig bra, og defensivt er det også solid. Det vi treng no er fleire scoringar. Litt fleire mål frå ope spel er det vi treng og vi må vere litt meir kliniske framom mål, meiner Rise.

For Hødd hadde sjansar til å score meir enn det eine frå Torbjørn Kallevåg. Både debutant Amani Mbedule, samt Badr Rahhaoui hadde store sjansar og Rise var sjølv nære.

– Nokre av dei sjansane skal sitte og eg håpar vi kan utnytte dei når seriestarten kjem, avsluttar midtbanespelaren.

Årsbeste

Også Sindre Eid meiner Hødd nærmar seg før seriestarten mot Vard Haugesund.

– Det var årsbeste vi leverer mot HamKam, og det mot eit lag som ikkje hadde tapt på 22 kampar før dei kom hit. Det gjeld likevel å bikke kampane rette vegen og marginane i fotball er ofte små. Prestasjonen må vi uansett ta med oss for den var bra.

Trenaren skulle likevel helst sett at ein unngjekk dei to baklengsmåla.

– Dei to måla vi slepp inn irriterer meg. Begge er unødvendige og det er slikt vi må luke vekk, men eg synest strukturen i laget ser mykje betre ut. Løpskrafta og innsatsen er på plass og held det fram på den måten så blir det veldig bra framover, meiner han.

Eid trur også at scoringane vil kome og peikar på at både Badr Rahhaoui og Amani Mbedule er ferske i klubben og treng litt tid på seg.

– Amani kjem jo inn og har ein kjempesjanse. Magnus Myklebust gjer også eit godt innhopp og vil verte betre og betre. Vi har fleire å spele på der framme og sakte, men sikkert så kjem dei til å byrje å sette ballen i mål, seier Eid.