Han var halvanna sesong i Hødd som rekruttspelar. Åtte år seinare er Preben Sætre tilbake i klubben etter å ha spelt for Larsnes/Gursken og Herd dei siste sesongane.

– Eg fekk vel sju-åtte minutt under Lars Arne Nilsen, i ein treningskamp mot Kristiansund på Color Line Stadion. Eg føler vel ikkje at det vart ein skikkeleg debut, seier Sætre.

Skal opp att i toppfotballen

I februar signerte han ei eittårskontrakt med dei blåkvite, men før den tid hadde han allereie rukke å spele meir A-lagsfotball for Hødd enn i si siste periode.

– Eg er frå ein liten plass. Hødd har jo alltid vore «storebror». Slik er det endå, men klubben har fått ny stadion og var oppe og lukta på toppen av førstedivisjon ei stund. Dei har vore ein kontinuitetsberar i toppfotballen, og skal opp att dit.

Ein bør ha ein klubb frå søre Sunnmøre i toppfotballen?

– Ja, absolutt. Det er det eg har vakse opp med, at Hødd alltid har vore der, så det må det.

Stolt

Sætre legg ikkje skjul på at det betyr mykje å vere tilbake i klubben.

– Eg kjenner meg stolt over det. Då eg reiste herfrå i 2009 så kjendest det som at eg ikkje hadde fått gjort det eg ønskte. Fotball er det som står sterkast for meg, og eg har alltid hatt lyst til å sjå kor god eg kan verte. Eg gler meg verkeleg til å kome i gang!

No er Sætre svært klar for den komande sesongstarten, men det har vore litt rusk i maskineriet i løpet av oppkøyringa. Etter å ha signert for Hødd tok det nemleg ei stund før han fekk spelt for klubben.

– Eg byrja å kjenne litt på ein skade over nyttår, og etter kampen mot Spjelkavik vart det verre. Det viste seg å vere ein betennelse som berre vart verre og verre. Difor måtte eg ta det heilt med ro ei periode, men har fått trent mykje alternativ saman med Rafa (Roldan), og den siste månaden har eg fått trent godt.

Sætre håpar på å ytterlegare spisse forma før Hødd startar sesongen med bortekamp mot Vard Haugesund 17. april.

Målfarleg

27-åringen har dei siste to sesongane vist seg som ein svært målfarleg kantspelar i Herd, men kan også brukast i andre roller.

– Første året i Herd spelte eg vel litt overalt. Det vart eg ikkje heilt komfortabel med, men så fekk eg prøve med på kanten nokre kampar i 2.-divisjon og i 2015 og 2016 spelte eg ganske fast der.

Og det er der du helst vil spele?

– Ja, eg har spelt ein del back og kjenner meg trygg der også, men det er på kant eg likar meg best. Opp og ned langs linja. Eg likar å springe, ler Sætre.

Sandssokningen vart Hødd si første nysignering denne sesongen. Han var klar allereie tidleg i februar, men det skulle ta litt tid før det kom fleire signeringar frå Hødd. Dei siste par vekene har Badr Rahhaoui, Amani Mbedule (lån), samt brørne Henrik og Andreas Breimyr.

– Spelargruppa her har teke veldig godt imot meg. No kjente eg stort sett alle frå før, så det har gått veldig greitt. Eg har også fått ein god relasjon til dei eg ikkje kjende frå tidlegare. Det er mykje bra folk i gruppa.

Og Sætre meiner det er naturleg at det både går ut og kjem inn nokre spelarar før ein ny sesong.

– Det er slik fotballen har blitt. Det er ingenting som er «sett» lenger. Ein veit at det alltid vil skje noko, og det er kjekt å få inn noko nytt i spelargruppa.

Må vinne kvardagskampane

Med nye spelarar inn i siste liten er det likevel ei viss uvisse knytt til kor gode Hødd blir denne sesongen.

– Eg trur vi kan verte svært gode, men i 2.-divisjon vil det handle om å vere kyniske nok. Det gjeld å vinne kvardagskampane og dei kampane der ein ikkje spelar så bra.

Det som er heilt sikkert er at Sætre er svært klar for å kome i gang med sesongen.

– Eg har jo følgt Hødd veldig tett dei siste åra, og sett stort sett alle kampane til klubben. Det betyr litt ekstra når ein skal spele for ein klubb ein har vakse opp med. Du har nokre prosent ekstra å klinke til med.