– Utgangspunktet er ganske likt. Som då så må vi også denne gongen bygge eit nytt lag. Før 2014-sesongen mista vi fem nøkkelspelarar og måtte starte litt på nytt. Det gjer vi også i år, og forskjellen er eigentleg at vi skal spele 2.-divisjon og at ambisjonane er endå tydlegare denne gongen. Vi ønskjer å vere eit topplag og vil kjempe om opprykk, men samstundes vil vi i større grad enn tidlegare få opp unggutane våre. Det er eit utfordrande arbeid, og vi må berre prøve på å gjere så mykje rett som mogleg, seier Eid.

Nedrykket til 2.-divisjon, eller PostNord-ligaen, har ført med seg nye utfordringar for Hødd. Attraktiviteten til klubben er ikkje like stor som tidlegare, noko som mellom anna førte til nokre svært hektiske dagar for klubbleiinga før overgangsvindauget stengde.

Mange plussfaktorar

– Det gir oss sjølvsagt også ein anna økonomisk kvardag, men det er viktig at vi også klarar å sjå moglegheitene i det. Vi har heldigvis gode generasjonar som kjem opp no, med spelarar som vi håpar og trur kan verte A-spelarar i mange år. Situasjonen er som den er, men vi må sjå moglegheitene i at vi har ein klubb som er drive godt, som har ein sterk administrasjon og eit engasjert fotballstyre. Vi har fantastiske supporterar og eit fantastisk anlegg. Det er så mange plussfaktorar at dette skal vi få til, slår trenaren fast.

Men kva er det Hødd skal ”få til”? Har klubben sett seg eit handfast sportsleg mål før 2017-sesongen?

– Nei, det er det ikkje, men vi ønskjer å kjempe om opprykk og at Hødd skal kome seg opp att så raskt som råd. Om det blir i år eller neste år vil tida vise, for vi skal ut i ein tøff divisjon. Hødd høyrer ikkje heime der vi er no og må kome oss opp så snart som råd. Helst i år. Klarar vi ikkje det så må vi sørge for at vi er endå betre neste år.

Eid er klar på at Hødd må klare å ha både eit kortsiktig og langsiktig perspektiv på satsinga si. Han trekk mellom anna fram at Hødd i år truleg har den minste A-stallen på lenge, slik at unggutane skal få sjansen.

– Dei skal få den speletida dei treng for å utvikle seg. For når vi rykker opp igjen så må vi ha eit lag som er godt nok til å halde seg der oppe. Og då med spelarar som ønskjer å vere her og som har eit stort hjarte for klubben.

Då Eid tok over Hødd i 2014 tok det lang tid før stallen var klar. Fleire spelarar kom inn i laget i siste liten før seriestart, men årets overgangsinnspurt var likevel av det meir ekstreme slaget, der spelarar gjekk både inn og ut i siste liten.

– Vi jobbar i ein ny marknad no og har jobba hardt heile vinteren, men no mot slutten av overgangsvindauget så opnar ting seg opp og det kan løne seg å ha litt is i magen, men det er ikkje tvil om at det har vore meir komplisert etter at vi rykte ned.

Kva gjer det med førebuingane framom sesongen?

– Det er ikkje optimalt. Det må vi berre innsjå når vi sit her utan at alt er på plass (Intervjuet vart gjort før overgangsvindauget stengde journ.anm). Vi gjer likevel eit grundig arbeid, for å sikre at dei som kjem inn vil styrke ellevaren vår. Vi har nok unggutar som kan vere utfordrarar, det vi treng er dei som kan gå rett inn på laget.

Handlar om å vinne kampar

Tida før overgangsvindauget stengde har også vore prega av spelarar som ønskte seg vekk frå Hødd. Det enda til slutt med at både Robin Shroot og Fredrik Sjølstad fekk seg nye arbeidsgivarar. På same måten som at det ikkje er ideelt at A-troppen ikkje er komplett før det er eit par veker til seriestart, har heller ikkje situasjonen med spelarane som ønskjer seg vekk vore enkel.

– Ein kan ikkje legge skjul på at det har hatt innverknad på spelargruppa. Eg synest likevel at spelarane har vore proffe og at dei har handtert det på ein bra måte, sjølv om dette er ein situasjon vi ikkje ønskjer å hamne i.

Men med kort tid att til første serierunde i 2.-divisjon må Eid, resten av støtteapparatet og spelarane konsentrere seg om den komande sesongen.

– Når alt kjem til alt så handlar det om å vinne fotballkampar. For meg handlar Hødd om spelarar som går på banen og ønskjer å gje alt for klubben sin. Som vil springe, som vil duellere og gje alt i 90 minutt. Det er grunnleggande i spelet vårt og det må ligge der som ein basis. Eg har alltid sagt at gode fotballag vinn kampar på forskjellige måtar. Vi må kunne vinne heime på Høddvoll i kampar der vi har ballen 70 prosent av tida og må også kunne reise på bortebane og krige inn ein 1–0 siger.

Trenaren si bestilling til spelarane er difor enkel.

– Løpskraft, duellkraft og ein enorm vilje til å vinne. At dei gir alt i kvar kamp. Slik skal Hødd alltid stå fram i midt hovud.

I 2016 var Eid trenar for rekruttane i Hødd saman med Einar Magne Skeide. Frå det laget er nokre spelarar allereie henta opp i A-stallen, medan mange har trena mykje med A-laget gjennom heile vinteren.

– Mange av dei har hatt Hødd på brødskiva gjennom heile oppveksten og har eit stort ønskje om å spele på A-laget til Hødd. I ein del av dei store kampane vi spelte i fjor, som då vi møtte Rosenborg, synest eg at vi såg igjen mykje av den viljen, at ein tok dei ekstra meterane som skulle til. Eg håpar dei kan ta med seg det inn i A-laget. Men vi har også spelarar som har vore i A-troppen i mange år, som framleis har dette i seg, og som må få det ut.

Eid ønskjer å gjere Hødd-spelarane til ”vinnarskallar” og fortel at ein vil bruke innspurten mot seriestart til å innprente det som skal kjenneteikne Hødd-laget i 2017.

– Det har vore ein slitsam vinter, men vi har fått trent godt og mykje. Difor trur eg vi skal vere godt rusta fysisk. No handlar det om å halde folk friske, trene godt og førebu oss godt. Vi veit at det er ein lang sesong, men det blir viktig at vi får ein god start.

Vil vere blant favorittane

For sjølv om Hødd skal spele på tredje nivå i norsk fotball for første gong sidan 2010 blir det neppe noko enkelt tilvære i 2.-divisjon.

– Vi skal først og fremst til å konsentrere oss om Hødd, men vil truleg vere laget ”alle” ønskjer å slå, saman med eit par lag til. Difor blir det mange ”cupfinalar” og vi må vere budde på å vere blant favorittane. Eg håpar også at vi blir det laget dei andre ønskjer å slå, for det vil bety at vi presterer godt. Det blir ein ny situasjon for oss, og vi må sørge for at prestasjonane våre blir like sterke som namnet på klubben. Det blir utruleg tøft. Det er berre eitt lag som rykkjer opp, og vår overordna målsetting må vere å kjempe om det opprykket, men vi må også sørge for å trene så godt vi kan og førebu oss så godt som vi kan i kvardagen. Så får vi heller telje opp til slutt og sjå kvar vi hamnar. Det blir ingen ”walk in the park”.

Duoen: Harald Åsland Riise er også tilbake i trenarteamet, saman med Eid, Frode Gjerde og Ronny Osnes. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes