Hødd henta med seg eitt poeng frå bortemøtet med Vard Haugesund måndag, og det blei dermed ei ok opning for Sindre Eid i comebacket som hovudtrenar. Heilt nøgd var han likevel ikkje.

Kva sit du att med etter 1–1 i Haugesund?

– Eitt poeng, ler Eid før han held fram:

– Det er alltid spesielt med serieopning, og i dag er det veldig med vind og vanskelege speleforhold. Då blir det mykje duellar og mykje som skjer, men det er ein kamp vi burde avgjere i den første omgangen. Vi får 1-0, men burde score både to og tre, og då ville kampen vore avgjort. I staden slepp vi inn eit unødvendig mål og går til pause på 1–1. I den andre omgangen får vi vinden rett imot og kom aldri i gong med spelet vårt, seier Eid.

Han tek samstundes med seg at Hødd fekk med poeng frå bortebane og meiner det var viktig at ein ikkje gjekk på tap i serieopninga.

– Gutane står også på og kjempar veldig godt, seier Eid, men det var ikkje nok til å få den avgjerande scoringa.

Må punktere kampane

– Ein må punktere slike kampar. Når ein har gode periodar på bortebane så må vi sette inn både 2–0 og 3–0. Når vi ikkje greier det så blir det kriging, duellering og manglande finspel resten av kampen. Etter kvart blir frykta for å tape større enn lysta til å vinne. Eg er sjølvsagt skuffa over at vi ikkje tek tre poeng. Etter spel og sjansar i den første omgangen så skal vi vinne denne kampen.

I Hødd si beste periode på Haugesund stadion hadde laget vinden i ryggen. Etter kvilen var det heimelaget som hadde medvinden, og då kom Hødd aldri ut av startblokkene.

– Vi må slå meir langt frå keeper og i vinden veit ein aldri kvar ballen landar. Dermed fekk vi aldri tatt ned ballen og spelt, og med vind og ei uvan grasbane så blir det lite finfotball. Det får vi ta att komande laurdag, seier Eid.

Burde skapt meir på dødballar

Noko han kunne gle seg over var at Hødd stilte med to ulsteinvikarar fødde i 98 frå start. Både Daniel Eid og Bendik Rise spelte heile kampen.

– Det er kjekt. Vi ønskjer å gje dei unge sjansen og eg synest begge leverer veldig bra. Dei spelar ein vaksen kamp, men det er heller ikkje overraskande. Dei har vore gode i vinter og er klare for dette nivået, seier trenaren.

Frå sin høgreback vart også Daniel Eid eit offensivt våpen i sin 2.-divisjonsdebut, ikkje så mykje med innlegg, men med ei rekkje lange innkast i den første omgangen.

– Med dei speleforholda som var her nede så visste vi at dødballar ville bli viktig og vi burde ha scora mål på dødball i dag når ein ser kor mange cornerar, innkast og frispark vi hadde. Vi burde absolutt skapt meir der, seier trenaren.

Med serieopninga unnagjort og eitt poeng i bagasjen frå Haugesund blir merksemda snudd mot Fram Larvik. Dei kjem til Høddvoll komande laurdag.

– Til då må vi få ballen ned på bakken, vi må flytte den raskare og få større bevegelse i laget. Det skal vi få til heime på kunstgraset på Høddvoll, lovar Eid.