Vegard Heltne spelte sin første fulle kamp for A-laget til Hødd sidan nest-siste serierunde i 2015. Og etter ei sesongoppkøyring der det også har vore litt skadetrøbbel for venstrebacken gjorde det godt med ein full kamp i beina.

– Det er ei stund sidan sist, så det var tungt, men det er dette eg treng for å kome skikkeleg i form. Eg synest det gjekk heilt greitt, men det er eit stykke frå toppforma endå, seier Heltne.

No håpar han på å få spelt så mykje som råd framover for å få inn kampkjensla og speleforma.

– Det tek nok litt tid før ein kjem skikkeleg i kampform, trur han.

– Bør slå dei

Heltne meiner Hødd burde ha avgjort det heile til sin fordel.

– Vi bør slå dei for det er ikkje noko kjempelag vi møter. Vi rotar dessverre for mykje, spesielt i den andre omgangen. Vi startar bra, men så startar vi å rote og det gjer eigentleg begge lag. Til slutt er det vel fortent at det blir 1–1. Vi gjer ikkje det vi skal og då er det greitt med uavgjort.

Hødd-trenar Sindre Eid meinte Hødd skulle ha punktert kampen i den første omgangen, og Heltne er einig med sjefen.

– Ja, det bør vi absolutt. Vi jaga eit mål til og hadde nokre feite sjansar, men i staden så scorar dei. Vi er eigentleg i balanse, men slepp inn mål likevel. Det er ikkje bra nok, slår Heltne fast.

Heimelaget skapte det meste av sine moglegheiter på overgangar, og Heltne meiner Vard var bra på dette, men også at Hødd vart for sløve i periodar.

– Vi kunne vore flinkare til å avgjere angrepa våre, og vi kunne absolutt vore betre på offensiv markering bak der. Der var vi ikkje gode nok og det er vel eigentleg derfor vi ikkje vinn denne kampen, seier han.

Heltne meiner Hødd ikkje klarte å roe seg nok ned når ein hadde ballen i laget, men at også baneforhold og vêr spelte ei rolle utover i kampen.

– Bana var humpete og vi fekk motvind i den andre omgangen. Derfor gjekk vi for å punktere kampen før pause, men rota det litt til og klarte ikkje å halde oppe trykket i den andre omgangen.

"Hawaii"

Heltne synest Hødd skapte nok til å vinne kampen borte mot Vard Haugesund og at den defensive strukturen er strammare enn den har vore i oppkøyringa. Det må laget ta med seg inn i dei komande kampane, men laget har også ting å jobbe med.

– Vi må roe oss ned med ballen, halde den meir i laget før vi angrip. Det blei litt for mykje ”Hawaii” i dag. Ballen var meir i lufta eller ute av spel enn den var på bakken og det er ikkje bra, men det vil kome, trur Heltne.

Kanskje allereie komande laurdag mot Fram Larvik.