Mangeårig trenar for Hødd-damene, Ole Per Kragset, fortel at skiljet mellom dei to laga vil vere litt flytande.

– Vi har sju-åtte spelarar som er 3.-divisjonsspelarar, og like mange som truleg kjem til å spele mest 4.-divisjon, men vi har også ei stor gruppe som truleg kjem til å vandre litt mellom laga. Difor har vi også valt å ha felles treningar med heile gruppa, fortel Kragset.

Bakgrunnen for at Hødd kan stille to lag denne sesongen er at ein har fått opp store kull frå aldersbestemte lag, der mange har valt å satse vidare på fotballen.

– Tidlegare har det kanskje vore eit problem at ein ikkje har fått jentene med frå J16 og opp på damelaget. I år har vi heller ingen spelarar som går ut samanlikna med sist sesong.

Og med ei stor gruppe spelarar, der det ser ut til at Hødd får behalde dei fleste nokre sesongar, har ein også noko å bygge vidare på.

– Vi har ingen avgangselevar på vidaregåande i år, så vi kan ha akkurat same gjengen også neste sesong. Tidlegare har vi nesten alltid mista fem-seks spelarar i løpet av sesongen.

For Hødd-damene blir det ein ny start denne sesongen. 2016-sesongen enda med nedrykk for det unge laget, sjølv om ein ikkje var så langt unna å berge plassen etter eit solid løft mot slutten av sesongen.

– Det var små marginar og vi viste i ein del kampar at det er potensial i mange av spelarane våre. No håpar vi at vi har klart å ta med oss det og at vi har klart å ta endå nokre steg, seier Kragset.

Gode nok til opprykk

Og trenaren håpar ein får sjå det når sesongen startar.

– Målet vårt er å gjere opphaldet i 3.-divisjon så kort som råd. Klarar vi opprykk i år så er det bra. Spelarane er gode nok til det, meiner Kragset.

Kva skal til for at det blir opprykk?

– Vi har jobba godt i vinter og må halde fram med det utover sesongen. I tillegg er det viktig at vi unngår skader på nøkkelspelarar. Dei må vi ha med. Dersom vi gjer jobben vår, så trur eg vi klarar det.

Trenaren seier ein har som mål at dei to laga skal ha ein nokolunde lik spelestil, men at ein gjennom rekruttlaget har noko større moglegheiter til å eksperimentere.

– I utgangspunktet vil ein nok sjå igjen mykje av det same på begge laga. Vi ønskjer å kome opp med backane, skape overtal på kantane og kome til gode innleggssituasjonar. Vi ønskjer også å starte bakfrå og spele oss ut. Det er tankar som gjeld begge laga, vi skal vere spelande, ikkje berre dunke vekk ballen og la nokon springe som galningar på topp for å få tak i den.

Og kanskje er det fornuftig å halde ballen langs bakken, for Hødd har ikkje det mest høgreiste laget offensivt.

– Vi har ikkje så mange store spelarar i laget, så då må vi halde ballen langs bakken og spele fotball. I lufta taper vi nok og vi har framleis litt å gå på fysisk.

Eit anna område Hødd-damene har litt å gå på er på keepersida.

– Vi har Kamilla Werkland som er med og hjelper oss som keeper, og vi har fått inn Lene Mari Myklebust frå Larsnes. I tillegg har ein Ingvild Auflem Vik, men ho er i militæret og det blir litt i overkant å skulle hente ho heim til kampane.

Må jobbe fram fleire keeperar

Kragset legg ikkje skjul på at keepersituasjonen både i Hødd og mange andre klubbar er vanskeleg.

– Vi må kanskje sjå på kva klubbane gjer for å få fram nok keeperar. Kanskje må Hødd som den store klubben på søre gjere noko meir? For nokre år sidan vart det arrangert keeperskular i regi av Hødd og det skapte litt entusiasme. No skal alle vere Ronaldo eller Messi.

Ein må heve statusen til keeperane?

– Ja, eg trur det. Og ein må få i gang prosjekt for å utvikle fleire keeperar, gjerne felles for Sunnmøre, for ein ser at ein slit med å få med nok keeperar i jentefotballen, slår Kragset fast.

Hødd sitt damelag i 3.-divisjon startar sesongen borte mot Herd 2.