Både Hønefoss og Hødd opna sin sesong med uavgjort. Hødd etter 1-1 borte mot Vard Haugesund, medan Hønefoss spelte 2-2 heime mot Notodden. (Foto: Arkivfoto: Per Werkland. )

Både Hønefoss og Hødd opna sin sesong med uavgjort. Hødd etter 1-1 borte mot Vard Haugesund, medan Hønefoss spelte 2-2 heime mot Notodden. Foto: Arkivfoto: Per Werkland.

2.-divisjon

Jamn opning i Hødd si avdeling

Hødd spelte 1-1 borte mot Vard Haugesund i serieopninga måndag. Ein middels kamp av Hødd og middels poengfangst frå bortekampen.

Les også: - Kom aldri i gong etter pause (for abonnentar)

Les også: - Tek nok litt tid (for abonnentar)

Men det var ikkje berre på Haugesund stadion det vart jamt i første serierunde. Før opningsrunden blir avslutta med Bryne - Odd2 tysdag kveld står heile 8 av 14 lag med eitt poeng.

To sigrar blei det på opningsdagen i 2.-divisjon avdeling 1, begge i Trøndelag. Nardo sikra seg ein 2-1 siger over Vindbjart, medan Vidar henta heim tre poeng etter å ha slått Byåsen 2-1 på Byåsen Arena.

For Hødd sine komande motstandarar, Fram Larvik, opna sesongen mållaust. Fram - Fana enda 0-0 og var den einaste kampen utan scoring måndag.

Både Hønefoss og Notodden er tippa mot toppen av avdelinga og på AKA Arena enda det 2-2 mellom laga, medan Egersunds og Nest-Sotra spelte 1-1 på Idrettsparken i Egersund.

I 2.-divisjon avdeling 1 var det andre tendensar i opninga. Her enda det berre uavgjort i ein av seks spelte kampar. HamKam, Alta, Brumunddal, Skeid og Grorud vann alle sine kampar i denne avdelinga. KFUM Oslo - Bærum enda 1-1.

Komande kampar:

Bryne - Odd2 (siste kamp i første runde blir spelt tysdag kveld)

Vidar - Hønefoss

Nest-Sotra - Vard Haugesund

Fana - Bryne

Notodden - Egersunds

Hødd - Fram

Vindbjart - Byåsen

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

Kanskje kan det gå ein autonom båt inn til Ulsteinvik?

Rorbuer og bustader på Lyngneset

Hareid og Ulstein skal samarbeide om brannvern

Signerte kontrakten

Steinar Reiten, KrF om Runde Miljøsenter og maritim industri

-Bør samarbeide tettare