Varg Kampsort og Fitness er ei idrettsforeining som held til i Ulsteinvik. Dei gir medlemene sine trening i kickboksing, boksing, sjølvforsvar, grappling og MMA.

No har dei inngått hovudsponsoravtale med Sparebanken Møre (SBM), ved kontora i Ulsteinvik, Hareid, Fosnavåg, Ørsta og Volda.

Varg og SBM er samde om at engasjementet til klubben er særs positivt, og kan bidra til positiv utvikling i lokalsamfunna. Banken er spesielt interessert i vektinga av samfunnsnytte, haldningar og etikk som er lagt i føremålet til idrettslaget. Varg satsar stort på å kunna tilby både trening, samhald og eit samlingspunkt, samstundes som dei vil jobba aktivt mot mobbing og rus. Varg ønskjer større merksemd rundt tilhøvet mellom psykisk helse og idrett.

- Me er særs nøgde og har hatt god nytte av dialogen som har blitt ført med banken, kommenterer Petter Faye Rundereim, dagleg leiar i Varg, i ei pressemelding.

Det var ikkje naudsynt for klubben å gjere om på målsetnadene sine. SBM har gitt dei tillita dei treng i utviklinga av tilboda deira.

- Me ser veldig spent mot framtida og gler oss til eit langt og varig samarbeid. Men eit såpass brennande engasjement som Sparebanken Møre har vist overfor lokalsamfunna sine, kjenne rme sos priviligerte over å ha fått dei med på laget vårt, held Rundereim fram.

Per Ronald Knutsen, banksjef for SBM i Fosnavåg, seier i same pressemelding at det var lett for banken å inngå samarbeid med Varg etter første møtet, der klubben orienterte om visjon og haldningar. - Det som spesielt trigga oss er at det jobbar aktivt mot mobbing og rus, og med sterkt fokus på psykisk helse. Å ha gode og trygge oppvekstvilkår og gode miljø er avgjerande for at plassen me bur på i fortsettelsen også skal vere attraktiv og ettertrakta for både unge og eldre.