Fredag er det klart for første serierunde i årets 4.-divisjon på Sunnmøre. Etter divisjonsomlegginga før denne sesongen har det blitt eit spissa avdeling, med fire lag ned som spelte 3.-divisjon i 2016.

I serieopninga er det likevel eit lag Hareid møtte også sist sesong som tek turen til Hareidsmyrane. I serieopninga er det nemleg Langevåg som er motstandarar. Dei enda 2016-sesongen på ein 2.-plass i avdelinga og vann begge kampane mot Hareid då.

Ifølgje Kenneth Moldskred har Hareid ingen spesielle skadeproblem før serieopninga. Den einaste som sikkert manglar mot Langevåg er Håvard Øvrelid, og trenaren håpar skadesituasjonen skal halde seg positiv.

- Bank i bordet for det!, slår Moldskred fast.

I tillegg har laget fått inn ei sein forsterkning. Emil Viddal spelte for Spjelkavik sist sesong, men har også erfaring frå både Hødd og Lokomotiv Oslo. I utgangspunktet bør det vere svært positivt for Hareid, men Moldskred fortel at ein må ta det litt roleg med midtbanespelaren som spelte 45 minutt i generalprøven mot Larsnes/Gursken. Då vann Hareid 2-1.

– Han kjem seint inn i eit lag som har spelt saman heile vinteren og har også spelt lite fotball i vinter.

Men dette er ei forsterkning?

– Definitivt! Emil er ein veldig god fotballspelar og han er litt eldre enn mange av dei vi har i troppen. Det er positivt å få inn han både fotballmessig og for utviklingsmiljøet i klubben, men også for å få større variasjon i persongalleriet i troppen, seier Moldskred.

Kjekkare når det står om poeng

Og med Viddal inn, samt Ruben-Kenneth Brandal tilbake etter skadene som heldt han ute sist haust, i tillegg til ein del spanande unge spelarar blir det interessant å sjå kor gode Hareid er når det skal kjempast om poeng.

– Eg forventar at vi står fram som eit ok fotballag som gjer alt ein kan for å vinne. Gjer vi det så vil ein konsekvens verte at vi blir betre utover i sesongen. Primærmålet vårt vil vere å halde oss i divisjonen, og det er mange som tippar oss langt nede på tabellen, men det gir oss store sjansar til å overprestere sett opp mot forventningane, seier Moldskred.

Med seriestarten like rundt hjørnet og eit av fjorårets topplag som motstandar i opninga kan ein endeleg sjå fram til seriefotball på Hareid.

– Det er litt kjekkare når ein får prøve ut det vi har trent på i kampar der det står om poeng, resultat og tabell. Med konkurranseelementet blir det også litt meir spanande, seier trenaren.

4.-divisjon Sunnmøre runde 1:

Godøy - Larsnes/Gursken

Volda - Skarbøvik

Hareid - Langevåg

Bergsøy - Hødd 2

Norborg - Emblem

Rollon - FK Sykkylven

Godøy og Larsnes/Gursken tjuvstartar med kamp torsdag, medan resten av kampane er sett opp fredag.