Moldskred blei presentert som ny Hareid-trenar vesle julaftan. Dei siste ti åra har han hatt trenarjobbar i Hødd, AaFK og Herd. Frå 2003 til 2006 var han a-trenar for moderklubben Hareid, og før det i mange år trenar i aldersbestemt avdeling. I tillegg har Moldskred over 300 kampar som spelar for Hareid.

Moldskred har dessutan den høgste trenarutdanninga i Norge, og stod øvst på lista då Einar Magne Skeide gjekk av som Hareid-trenar midt i november.

God treningsvinter

Kenneth fortel at laget har hatt ein fin treningsvinter.

– Det har blitt ein stadig meir stabil gjeng som trivast saman og trenar bra. Vi har eit ungt mannskap, men også rutinerte berebjelkar som kan rettleie dei yngre, seier Kenneth Moldskred.

Ønskjer å halde seg i 4. divisjon

Hareid-trenaren fortel at laget har ei klar målsetjing for sesongen, nemleg å halde seg i divisjonen.

– Men vi skal også utvikle oss saman i forhold til kultur på og utanfor bana. Vi vil jobbe for å auke livskvaliteten for samlege som er involverte i A-laget, og jobbe så godt og raskt som mogleg for å ta små steg mot betra kvalitet, seier Kenneth.

Utviklingsarena

Gjennom trenargjerningane sine i klubbane som allereie er nemnt har Kenneth Moldskred vore med på å utvikle mange spelarar som har tatt steget vidare. Anten opp i A-stallen i klubben eller vidare til andre lag på høgare nivå.

Som Hareid-trenar ønskjer han at fleire unge skal kunne ta steget opp og vidare.

– Eg vil at A-laget til Hareid skal vere ein ønskja og gunstig utviklingsarena for unge spelarar.

I tillegg til å halde seg i divisjonen og å utvikle spelarar, er det ei målsetting til som blir viktig.

– Vi skal score fine mål!

Nye namn i troppen

Rekruttering frå eigne rekker: Tarje Dimmen Riise, Henrik Holstad, August Brandal, Sondre Hasund, Rikard Osnes, Amanuel Hagos og Nikolai Røyset.

– Dei fleste som var med frå 3. januar, er med framleis. Elles kan det nemnast at Nikolai Røyset er skadd, og at Håvard Øvrelid er på veg tilbake, seier Kenneth Moldskred.

Som trur at favorittane i årets 4. divisjon blir Bergsøy, Volda, Hødd 2 og Rollon.

Trenarteam: Her er trenarteamet som blei presentert vesle julaftan i fjor. Hjelpetrenar Ruben Kenneth Brandal (f.v.), hovudtrenar Kenneth Moldsked og Vidar Vollsæter. Vollsæter er med for sjette år på rad. Foto: Anne Gry Eilertsen