Både Hødd sitt damelag, Hareid 2 og Hasundgot gjennomførte onsdag sine første seriekampar denne sesongen. Det enda med to sigrar og ein uavgjort for dei lokale laga.

3.-divisjon kvinner:

Hødd-damene opna 3.-divisjonssesongen borte mot Herd sitt rekruttlag. Hødd tok leiinga tidleg, då Anna Nerland Aahjem sette inn 0-1 allereie etter tre minutt. Anna Nygård Thunem auka til 0-2 før heimelaget reduserte. Til pause var Hødd framleis i leiinga med det eine målet.

Hødd tok også best vare på sjansane etter pause, og Ine Sleipnes trygga sigeren for dei blåkvite då ho sette inn 1-3, som også vart sluttresultatet. Dermed fekk Hødd den starten dei ønskte på sesongen og sikra årets første trepoengar i første forsøk.

Det blei spelt to andre kampar i denne avdelinga onsdag. Blindheim slo Ørsta heile 9-0, medan FK Sykkylven vann 3-1 borte mot Brattvåg. Blindheim IL er Hødd sine neste motstandarar.

Kampfakta:

Herd 2 - Hødd 1 - 3 (1-2)

Amfi Moa Stadion

Dommar: Inge Andersen (AaFK)

Mål Hødd: Anna Nerland Aahjem, Anna Nygård Thunem, Ine Sleipnes.

Hødd stilte med dette laget: Lene Mari Myklebust - Madelen Gustavsen, Susann Brandal Kragset, Vilde Sundal, Merethe Molvær Terøy - Marte Aarsand Vik, Anna Nerland Aahjem, Hanna Rekdal, Therese Holstad, Anna Nygård Thunem - Pia Notanes Brandal.

Innbytarar: Ine Sleipnes, Stine Marø Sundgot, Sigrid Pedersen, Ragnhild Knardal.

*

6.-divisjon avdeling 2:

Både Hasundgot og Hareid 2 hadde sin seriestart onsdag, men der Hareid 2 ikkje har gått ut med dei store sportslege ambisjonane før sesongen har Hasundgot sagt klart frå om at dei ønskjer å vere med i toppen av avdelinga.

Det var likevel Hareid 2 som fekk den beste starten på årets sesong.

Ifølgje eit referat frå Hareid IL mangla ein nokre spelarar til serieopninga heime på Hareidsmyrane, men resultatet gjekk Hareid sin veg.

"Mellom anna var toppscorar Thor-Ove Brekke ute med ein augeskade, Daniel Reite nyst reist på sjøen (blir vekke i heile sju veker), medan Emil Johannes Dahlen Folkestad var skadd (sistnemnde bidrog i staden som trenar frå sidelinja). Nokre av dei på benken var med trass i ulike plager. Men gjengen som stilte til første serierunde klarte seg bra, dei – om vi trekk vekk første 15-20 minutta. For etter slurv i dei bakre rekkjer leia Åheim/Stadt tidleg 2-0."

Kristoffer Vårdal gav nemleg Åheim/Stadt leiinga allereie etter fem minutt, før Marcus Espeland Beitveit dobla seks minutt seinare.

"Hareid tok deretter over kampen og begynte å skape sjansar, og til pause stod det 2-2. 2. omgang køyrde Hareid nesten frå start til mål. Men det var med det eine målet til Eirik W. Brandal (heading etter eit fint legg frå Håvard Bolstad Banne). Så det var spennande heile vegen. Kanskje ingen topp prestasjon av Hareid. Og truleg kan ikkje motstandaren samanliknast ved Brasil. Men i første runde er poeng viktigast. Og dei vart verande på Hareid. Vi merkar oss at Rikard Osnes, som er keeper i a-stallen, spelte sin første offisielle Hareid-kamp", heiter det i referatet frå Hareid IL.

Arthur Hareide sørga for reduseringa til 1-2, medan Venthan Ketheeswaran fastsette pauseresultatet til 2-2.

Kampfakta:

Hareid 2.-lag – Åheim/Stadt 3-2 (2-2)

Hareidsmyrane stadion 13 tilskodarar (på det meste)

Mål Hareid: Hareide, Ketheeswaran, E. Brandal

Dommar: Oddbjørn Aam, Åmdal IL – Middels god, ingen kort

Hareid (3-2-3-2): Rikard Osnes – Andreas Emdal Fure (K), Benjamin Slettebakk, Martinus Warholm – Håvard Bolstad Banne, Einar Orten Trovåg – Eirik W. Brandal, Thanusan Tharumalingam, Kevin Øvrelid – Arthur Hareide, Venthan Ketheeswaran + Thomas Østrem, Odd-Magne Brandal, Ulrich Kurseth, Antoni Gardshol

*** Fure, ** Slettebakk, * Ketheeswaran

*

Hasundgot starta sesongen med ein kort bortetur til Tjørvåg. Her var bortelaget klare favorittar på førehand, mellom anna etter å ha slått same lag klart i ein av vinterens treningskampar.

Men sjølv om Hasundgot vann 5-1 sist laga møttest var det heimelaget som fekk den beste starten i serieopninga. Andreas Vatne sørga for sesongens første Tjørvåg-mål då han gav heimelaget leiinga sju minutt ut i den andre omgangen. Med håp om å kjempe i toppen av avdelinga var ikkje det godt nok for Hasundgot, og laget fekk også med seg poeng til slutt.

Men ein måtte vente heilt til dei siste ti minutta før utlikninga kom på kunstgraset i Tjørvåg. Ruben Muren sette inn 1-1 med ni minutt igjen av ordinær tid og sikra med det eitt poeng til Hasundgot.

Kampfakta:

Tjørvåg - Hasundgot 1 - 1 (0-0)

Tjærvåg stadion

Dommar: Birger Breivik, Volda TI

Mål: 1-0 Andreas Vatne (52), 1-1 Ruben Muren (81)

Hasundgot-troppen: Kim-Rune Hansen, Marius Hauge Muren, Martin Fiskaa Ødegård, Nicolai Haddal Molvær, Simon Haddal Spjutøy, Sebastian Moldskred Kleven, Jørgen Skogestrand Kleiven, Ruben Muren, Sander Nedreberg Gjerde, Thomas Edvard Gjerde, Mats Bigset, Martin Marø Gjerde, Arve Vestnes, Runar- Andre Vattøy, Joakim Espeseth Skarbø.

*

Det vart spelt tre andre kampar i denne avdelinga onsdag. Avdelingsfavorittane Sæbø viste styrke mot Moltustranda og hadde scora sju mål før laga gjekk til pause. Til slutt enda det med ein overlegen 12-0 siger til Sæbø, der Terje Haugen Øye leverte fem mål og viste at han kan verte farleg for mange forsvar i divisjonen.

På Havila stadion gjorde Bergsøy 2 og Vartdal opp om poenga, og heimelaget fekk den beste starten med 1-0 etter 18 minutt frå Lasse Myrhol. Frantz Frantzen auka like før halvtimen var spelt, før Ole Magne Rotevatn sette 3-0 tre minutt ut i den andre omgangen. Det vart også sluttresultatet.

Mest dramatikk vart det nok i kampen mellom Åmdal og Gjerdsvika/Larsnes/Gursken. Det heile starta med at to av bortelaget sine spelarar la turen til Åheim i staden for Åmdalen. Bortelaget tok likevel leiinga allereie etter åtte minutt, før Åmdal utlikna på straffe ti minutt før pause. Før laga gjekk til kvilen skulle det likevel kome to mål til, eitt til kvart lag og før sidebyte stod det dermed 2-2.

I den andre omgangen vart det meir dramatisk. Tre raude kort vart delt ut til Gjerdsvika/Larsnes/Gursken-spelarar, to av dei etter to gule kort, og etter rapportane vart også ein bortesupporter vist vekk frå stadion. Det blei også scora nokre mål, først ved Åmdal IL, før boretlaget utlikna til 3-3. Men det vart for tungt med redusert mannskap og det enda til slutt 4-3 til Åmdal.

*

Dei neste kampane i 6.-divisjon avdeling 2 går onsdag 26. april. Då skal Hasundgot møte Bergsøy 2 på Hasundgot stadion, medan Hareid 2 møter Vartdal på Hareidsmyrane, medan Moltustranda møter Tjørvåg på Munkvoll. Dagen etter skal Hødd 3 seriedebutere borte mot Åmdal, medan Åheim/Stadt er vertskap for Gjerdsvika/Larsnes/Gursken.

Eirik Walaunet Brandal, Venthan Ketheeswaran og Arthur Hareide etter sigeren over Åheim/Stadt. Foto: Hareid IL Fotball.