- Eg fryktar at han må vente i bilen medan vi ser kampen mellom Fram Larvik og Hødd i morgon, ler Rune Holst Bloch. Han reiste frå Larvik saman med sambuar Monica Klingenberg og Dennis allereie onsdag. Dei innlosjerte seg på Flø feriesenter torsdag og tok så turen opp til Høddvoll.

Eiga drakt

- Kjempeflott anlegg, seier Bloch, då Vikebladet/Vestposten møter trioen i sludd og kald vind utanfor stadion. Bloch er ihuga Fram-supporter og sit både i  hovudstyret og handballstyret i klubben. Bikkja Dennis er ein maskot i Fram, alle kjenner han og passar på at får nok vaflar, som er favorittretten.

Hunden er ein Jack Russell Terrier på tre og eit halvt år.  Allereie då han var fire månader sidan fekk han spesialsydd Fram-drakt av "farmor", mora til Rune. Ho har sørga for at han heile tida har ei drakt som har passa hundekroppen.

Forbodsliste

Dennis har vore med på mange kampar og sett Fram Larvik.  Stor var difor overraskinga då Bloch oppdaga at DYR står på forbodslista på Høddvoll, saman med mellom anna våpen, fyrverkeri og alkohol.

- Vi skal nok ordne dette på eit vis. Vi kan eventuelt stå i hjørnet utanfor gjerdet og sjå kampen, seier Bloch.

Han innser at Hødd er klar favoritt på heimebane, men håper likevel på 2-1-siger til Fram.   Fram har vore stabile i andredivisjon sidan 2009.

- Vi drøymer sjølvsagt om opprykk i år, men realismen tilseier vel topp seks, seier Rune Holst Bloch.

Få frå Larvik

Rune og Monica reknar med at dei saman med Dennis vert dei einaste Fram-supporterane på Høddvoll på laurdag. Heime i Larvik bur dei i Framveien 1. Denne sesongen har dei  besemt seg for å reise på ein del av bortekampane og ta det som ferieturar. Rune er på jobbjakt etter å ha teke sluttpakke i Telenor, medan Monica er ufør og ivrig hobbyfotograf.

Driftssjef i Hødd, Per Arve Moldskred, seier at klubben rettar seg etter reglane frå Norges Fotballlforbund og at lista over "forbodne gjenstandar" kjem frå forbundet.  Men, han opnar for at Dennis likevel kan bli å sjå inne på tribunen laurdag:

- Vi skal tenkje på det og sjå om vi finn ei løysing, seier Moldskred til Vikebladet/Vestposten.

Og sjølv om vaflar er favorittmaten til Dennis, trur både Rune og Monica at ei svele eller to også vil falle i smak.