I fyrste seriekamp for Hødd Rekrutt blei det ei strålande opning! Hødd-jentene sikra seg sigeren etter at sluttresultatet blei heile 1–9 på bortebane! Som trenarar er vi stolte over desse fantastiske jentene som presterer gong på gong! Vi starta kampen med ti litt klossete minutt, men laget kom sterkt tilbake i kampen og sikra ein vel fortent siger.

I mål hadde vi midtstopparen Gro-Elise Aksnes, som spilte sin første seriekamp som keeper. Hun var ein fantastisk spelar, som hadde svært lite å gjere på undervegs i kampen. Backrekka bestod av Maria Skar, Johanne Rise Kvalen og Sigrid Petronille Pedersen. Desse gjorde ein fantastisk jobb! Olea Louise Flø Larsen var eksepsjonell som anker, og gjorde jobben svært enkel for backrekka. På midtbanen var det Oline Sundgot, Kethleen Lorenzo, og Cecilia Bakken som lekte seg i hele 90 minutt. Den fremre trearen vår bestod av Thea Ertesvåg, Ine Sleipnes og Stine Marø Sundgot! De va svært flinke og lagde rett og slett kaos for keeperen til Sykkylven.

Hødd jentene gjekk i garderoben med ein solid 3–0 leiing til pause og hadde gjort eit strålande forarbeid til neste omgang. De kom ut frå garderoben i eit strålande humør og med aggressiviteten på topp, de var dermed klare til å ro serien i land!

Ti minutt inn i den andre omgangen blei det straffe til FK Sykkylven, som dei sette sikkert i mål nede i venstre hjørne. To minutt seinare kom Ine Sleipnes med sitt tredje mål for kvelden, og dermed eit lynraskt svar frå Hødd-spissen.

I det 60. minutt kom det første byttet på Hødd, då var det Olea som gjekk av, og inn kom Ragnhild Knardal som heldt fram det eksepsjonelle arbeidet. I det 63. minutt kom det andre og tredje bytte. Inn kom Johanne Helvig og ut gjekk Sigrid Petronille, medan spissen Thea Ertesvåg gjekk ut etter 60 fantastiske minutt, og inn kom Rebecca Eikrem Sande.

Tre minutt seinare blei det fjerde å siste bytte for Hødd gjort. Inn kom Therese Fiskaa, og ut gjekk Stine Marø Sundgot.

Ine Sleipnes vart kveldens toppscorar og etter 90 minutt stod ho med hele fire mål i målbanken. Stine Marø Sundgot scora to mål for Høddjentene til stor glede for Høddsupportarane denne kalde og vindfulle kvelden. Thea Ertesvåg, Therese Fiskaa og Cecilia Bakke stod også igjen med eitt mål kvar etter kampen. Dette viser at vi ikkje treng ein fast spiss for at vi skal vinne, men at vi kan spele som eit lag og at fleire på laget er med på målfesten!

Før kampen var våre hovudmål å spele som eit lag, vere aggressive i gjenvinningsfasen og ikkje minst i duellspelet inne i 16-meterane og på midtbanen. Vårt siste mål var å spele som eit lag og å vere positive. Dette er noko som er viktig for alle spelarane og som gjør at det er gøy å spele fotball. Vi har også jobba ein del med å vende spelet raskt og å spele gjennom kantane og backane våre slik at dei kjem til innlegg. Dette såg vi litt igjen under kampen, noko som er til stor glede.

Neste kamp for Hødd-rekruttane er heime mot Valder førstkomande torsdag.

Ref IL Hødd Fotball v/Øystein Bohinen Muren og Sigrid Petronille Pedersen