Hødd var best, skapte mest, men klarte ikkje punktere kampen. Det kunne ha vore ei oppsummering av serieopninga mot Vard Haugesund, men gjeld sesongens første heimekamp.

For også mot Fram Larvik gjekk to poeng i vasken for Hødd.

– Vi har marginar imot og sløser med sjansane. Det går på vår eigen kvalitet og vi må trene hardare og score fleire mål, seier ein skuffa Torbjørn Kallevåg.

Hødd såg ut til å gå mot sesongens første trepoengar. Innbytar Sondre Beite sette inn 1–0 i snøvêret på Høddvoll og Hødd heldt på leiinga heilt til ein var fem-seks minutt ut i overtida. Då utlikna Fram Larvik, på ein av sine få sjansar i kampen.

Rotar vekk to poeng

Det var svært frustrerande for Hødd-spelarane, som hadde full kontroll på det meste som skjedde, men så handlar det om å få ballen i mål.

– Vi skal gå til pause med minst eitt mål, vi har masse sjansar på dødballar og får til slutt scoringa også, men det byrjar å lave ned og på slutten så rotar vi det vekk. Eg veit ikkje heilt kva som skjer, men det ser heilt håplaust ut. Vi gir dei den sjansen dei får, så det er vår eigen feil, seier Kallevåg.

Midtbanespelaren meiner Hødd ikkje har råd til å halde fram med å gje frå seg poeng i kampar der ein i utgangspunktet har full kontroll.

– Det hjelper ikkje å spele bra når vi ikkje scorar mål. Når vi er dårlege på det så får vi heller ikkje med oss meir enn eitt poeng. Skal ein henge med i toppen så har vi ikkje råd til å spele mange uavgjortkampar. Då kan ein seie takk og farvel.

Poengfangsten må opp?

– Det må den. Vi må ha ein siger mot Bryne elles er vi nærast hekta av. Det blir tett i alle kampane vi skal spele i 2.-divisjon, og vi må få opp kvaliteten på avslutningane, for det er heilt håplaust at vi skaper så mykje som vi gjer, men scorar så lite mål, meiner Kallevåg.