I dag, laurdag, møtest Hødd og Fram Larvik på Høddvoll. Sist dei to laga spelte mot kvarandre var i 1976. I hovudrollene: ein landslagskeeper og ein innbyttar.

–Det blei 2-2, stemmer ikkje det?

Svaret kjem kontant då Vikebladet/Vestposten spør dåverande Fram-keeper, Tom R. Jacobsen, om han hugsar oppgjeret mellom dei to andredivisjonslaga på Høddvoll for 41 år sidan.

Hausten før hadde han debutert på landslaget, ein posisjon han hadde i åtte år.

Hødd-leiing etter første omgang

I avisreferat frå kampen heiter det at Hødd hadde så godt tak på kampen at det virka usannsynleg at sigeren skulle ryke.

For det starta lovande: Hødd leia 1-0 ved pause etter at Kjetil Hasund skåra.

I det 61. minutt skjer så det som framleis vert hugsa som eit spektakulært mål i Høddhistoria: Etter forarbeid av Tor Meinseth og Kjetil Hasund var det duka for innbytar Audun Wingsternes.

Skåra med skallen

«Audun Wingsternes føk som en rakett i lav høyde gjennom Framforsvaret og headet et drømmeinnlegg fra Kjetil Hasund rett i nota», skreiv Sunnmøre Arbeideravis etter kampen.

Sunnmørsposten skildra det heile slik: «Der dukket innbytteren Wingsternes opp med skallen, eller rettere: han dukket ned og stupte fram- og landslagsmålmannen var sjanseløs.»

-Kjekt å skåre på landslagsmålvakta

–Om eg hugsar målet? Åja, det gjer eg, seier Audun Wingsternes på telefon frå varmare strok. Målet var hans første i ein seriekamp, og han hugsar at det var veldig kjekt å skåre på sjølvaste landslagsmålvakta.

Wingsternes spelte 421 kampar for Hødd og skåra tolv mål. Hødd-karrieren hans varte frå 1974 til 1988.

Poengdeling etter tøff kamp

Det vart altså poengdeling i kampen i 1976, etter at Fram skåra i det 65. og 69. minutt.

–Eg hugsar at vi var veldig, veldig fornøgde med at vi fekk poeng, for Hødd pressa voldsomt heile kampen, fortel Tom R. Jacobsen.

Ikkje på kamp på Høddvoll

Dagens kamp mellom Hødd og Fram på Høddvoll går utan Jacobsen og Wingsternes på tribuna.

Førstnemde har slutta å gå på fotballkampar. Sistnemde er på Kanariøyane.

Målskårar Kjetil Hasund, Fram-keeper Tom R. Jacobsen og målskårar Audun Wingsternes etter 2-2-kampen på Høddvoll i 1976. Foto: Hødd-arkivet