Haglet dundra mot taket i Ulsmohallen laurdag, då Hødd United inviterte til laurdagsturnering. Men på det grøne kunstgraset er det ingen som bryr seg om vêret på utsida.

Terje Halle frå Larsnes har stått i mål tidlegare på dagen, men i siste kamp under laurdagsturneringa til Hødd United stiller han på topp. Som spiss mot Kristiansund. Det gir resultat allereie etter få minutt. Halle tek imot ballen og set den sikkert i mål. 1–0 til Hødd United og målscoraren spring sporenstreks ut for å byte.

– Kva skjedde no? spør trenar Bård Dalen.

– Eg scora, er det kontante svaret.

Til Vikebladet Vestposten legg han til:

– No måtte eg ha ei lita pause, men eg skal innpå igjen, seier Halle med eit smil.

Og smila sit stort sett svært laust denne laurdagen i Ulsmohallen, der Hødd United arrangerer si årlege turnering og har fått besøk av Guard frå Ålesund, Molde, Dream Team frå Sykkylven, samt Kristiansund.

Det vil seie, det kjem eit og anna utbrot i sinne eller frustrasjon, på same måten som under kampar på Høddvoll like ved. Anten på grunn av baklengsmål eller bomskot, men så snart kampen er over er det meste gløymt og spelarane går av banen med ei hand rundt skuldra på han som nettopp var motstandar.

Gledesspreiarar

– Det er ingenting som gir så mykje glede som å vere saman med dette laget. Ein burde skrive ut treningar med Hødd United på resept, meiner Fatima Myrseth og legg til:

– Det gir ein heilt ny dimensjon til livet.

Ho er lagleiar for Hødd United saman med Bård Dalen og hjelpetrenar Henning Myrene. Per i dag har dei 26 spelarar i toppen, men laget veks.

Utfordrar grensene

– Hødd United er blitt så etablert og blir oppfatta som så positivt at det stadig er fleire som viser interesse for å vere med, men det fører til at vi gjerne skulle ha vore fleire støttespelarar. Dei treng ikkje om å vere med kvar gong, men vi hadde hatt god bruk for folk som kunne steppe inn dersom nokon er vekke ei trening.

– Ingen av oss er pedagogar, og vi møter kanskje spelarane med ein litt røffare tone enn dei er vane med. Vi utfordrar grensene deira, men gir dei også moglegheita til å kjenne meistring. Vi treng å kjenne at vi er gode på noko, meiner Myrseth.

Ny taktikk: Sigbjørn Myrseth og Bjarte Mårstøl gjer seg klare før kampen mot Kristiansund. Hødd United stilte med to keeperar for å vere på den sikre sida, men eitt og anna baklengsmål blei det likevel, utan at det såg ut til å gå ut over humøret. Foto: Andreas Steinnes Bjerknes