Etter rundt 40 sekund blei ballen spelt til Amani Mbedule, som lekkert flikka ballen vidare til Bendik Torset på veg gjennom. Torset gjorde ingen feil åleine med keeper, og plasserte ballen elegant til sida for keeper og i mål til 1-0.

Så etter 35 minutt blas dommaren for straffe til Spjelkavik. Roald Andreas Runde blei felt av Amani Mbedule på veg mot mål, like innanfor sekstenmeteren. Straffa tok Benjamin Sunde, og klinka den i mål bak Hødd-keeper Jan-Lennart Urke til 1-1.

Spelarane gjekk i garderoben til pause på stillinga 1-1.

Andre omgang

Knappe tre minutt var spelt av andre omgang då eit bestemt Hødd slo tilbake. Sondre Beite fekk tak i ballen, og fekk tuppa ballen vidare forbi keeper. På sin veg mot utsida av stolpen blei ballen i staden banka trygt i mål av Amani Mbedule til 2-1.

Etter 58 minutt kom Amani Mbedule nok ein gong i fokus. Preben Sætre la flott inn framfor mål, der Amani Mbedule stod godt plassert. I konkurranse med Spjelkavik sine høgreiste stoppar var det Mbedule som vann duellen. Ballen gjekk forbi keeper Tor Erik Larsen til 3-1.

Berre nokre minutt før slutt fekk tomålsscorar Amani raudt kort, etter at han fekk sitt andre gule kort.

Eitt minutt på overtid putta Torbjørn Kallevåg på nok eit mål i målprotokollen. Dommaren blas av kampen like etter, og Hødd vann til slutt 4-1.

Før kampen

Abonnent? Sjå kampen mellom Hødd og Spjelkavik her!

Kampstart blei utsett til 19:15.

Onsdag kveld er det klart for første runde i NM, og Hødd har fått heimekamp mot 3.-divisjonslaget Spjelkavik. Der er Hødd favorittar, og trenar Sindre Eid slår fast at ein ikkje ønskjer å spare spelarar til kampen, sjølv om det truleg blir endringar frå laget som spelte 1-1 mot Fram Larvik.

– At det blir ein del endringar betyr ikkje at vi nedprioriterer cupen. Den er viktig for oss og noko vi set høgt. Difor kjem vi ikkje til å kvile folk i cupkampar. Endringane kjem fordi vi har god konkurranse, seier Eid.

Laurdag sat mellom anna Sondre Beite, Amani Mbedule, Eirik Franke Saunes, Preben Sætre og Magnus Myklebust på Hødd-benken. Truleg kan fleire av desse bli å sjå i startoppstillinga mot Spjelkavik.

– No har vi veldig god dekning offensivt og det er jamt om kven som skal spele, seier trenaren.

Spjelkavik tok seg til første runde i cupen gjennom å slå Tomrefjord og Rollon i kvalifiseringa. Mot Tomrefjord enda det 4-0 etter scoringar frå Knut-Idar Dalhus, Mathias Eikenes, Benjamin Skulstad Sunde og Markun Kampenes. Skulstad Sunde og Eikenes scora også då Spjelkavik vann 2-1 heime mot Rollon.

Og onsdagens bortelag, leia av den tidlegare AaFK-spelaren Frode Fagermo, har ikkje tapt i offisielle kampar så langt denne sesongen. I 3.-divisjon står laget med fire poeng, etter å ha spelt 2-2 borte mot Os i første serierunde, før Fjøra vart slått 2-1 sist laurdag.

Hødd står på si side med to strake 1-1 kampar i 2.-divisjon. Laurdag vart det eitt poeng etter at Fram Larvik utlikna langt inn i overtida.

Laga har også møttest ein gong tidlegare i år. Spjelkavik var motstander i Hødd sin første treningskamp i vinter. Då vann Hødd 1-0, men dei blåkvite måtte ha straffe for å avgjere kampen. Den vart sett i mål av Torbjørn Kallevåg.

Hødd stiller dette laget mot Spjelkavik:

Hødd (4-3-3): Jan Lennart Urke - Preben Sætre, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Martin Mork Breivik - Henrik Breimyr, Bendik Torset (Saunes, 85), Torbjørn Kallevåg - Magnus Myklebust (Sereba, 75), Sondre Beite (Rahaoui, 78), Amani Mbedule

Benken: Sivert Pieroth, Didrik Sereba, Bader Rahaoui, Andreas Breimyr, Bendik Rise, Daniel Eid, Eirik Saunes

Spjelkavik: Tor Erik Valderhaug Larsen - Ole-André Ringstad, Sondre Skulstad, Magnus Støylen Rødset, Fredrik André Krogsæter, Martin Skulstad - Andreas Glomseth Olsen, Knut-Idar Dalhus, Stian Sunde - Benjamin Skulstad Sunde, Roald Andreas Runde

Benken: Odd Einar Hatløy, Christian Øvrevoll Gjerde, Trond-Håkon Edøy, Oskar Gunnarstein, Markus Kampenes, Marius Waagan, Lars Austnes