- Vi hadde eigentleg full kontroll, men det var synd vi fekk eit slikt «dritmål» i mot på straffe. Vi girar opp etter pausen og sikrar oss dei naudsynte måla, og då flyt det fint for oss resten av kampen. Vi burde scora langt fleire, men det var greitt slik det blei. Dette er eit lag vi skal slå, sa Torbjørn Kallevåg til Vikebladet Vestposten like etter cupkampen mot Spjelkavik var over.

Som alltid sprang og sprang Kallevåg gjennom heile kampen. Mot Spjelkavik la nok Kallevåg ned flest meter av samlege på bana. Innsatsen betalte seg med eit mål like etter full tid, noko bømlingen var godt nøgd med. Med hans 4-1 mål blei det ein grei siger for Hødd mot raudtrøyene frå andre sida av Sulafjorden.

- For min del har eg mest fokus på å bidra offensivt samstundes som eg jobbar som berre pokker bakover. Eg ønskjer å bli ein betre tovegsspelar. Eg slurva litt med avslutningane tidlegare i kampen, men så får eg ei fin scoring mot slutten, så eg er sånn passe nøgd med eigen innsats på målfronten i dag, seier Kallevåg lurt.

Håpar på eliteseriemotstandar

Kallevåg er tydeleg på at han ønskjer seg eit lag frå øvste divisjon i andre runde.

- Det er ingen vits i å legge skjul på at eg helst skulle sett at vi møter motstand frå Eliteserien i andre runde. Då får vi spele på andre premissar. Vi har eit høgt toppnivå og kan slå kven det skulle vere på ein god dag, seier Torbjørn Kallevåg.

- Noko å byggje vidare på

Hødd-kaptein Jesper Törnqvist var godt nøgd med resultatet mot Spjelkavik.

- Vi er vidare, det er det viktigaste. Det er alltid vanskeleg i dei første rundene, det ser ein også i andre kampar der lag møter andre lag frå lågare nivå. Det blei litt spenning då Spjelkavik utlikna, og vi blei kanskje litt stressa, men i andre omgang responderte vi godt, og køyrde på. Då såg vi oss ikkje tilbake, og sikra oss ein fin siger, seier Törnqvist.

Om Amani Mbedule sine to mål hadde kapteinen enkelt og greitt dette å seie:

- Om ikkje han får "Man of the Match", så veit ikkje eg. Han gjorde alt i dag, han laga straffe, han scora to fine mål og fekk til slutt eit raudt kort. Det er ein grunn til at spissane ikkje speler i forsvar, seier Törnqvist og flirer.

- Men frå spøk til alvor, det er sjølvsagt leit for Amani at han får sitt andre gule og dermed eit raudt kort. Det hadde vore flott å ha han med i neste runde.

Referenten meiner forsvaret gjorde ein god kamp mot Spjelkavik, noko kapteinen seier seg einig i.

- Vi har sleppt inn lite mål i det siste. Vi har funne tilbake til det forsvarsspelet vi har ønskt å kome tilbake til lenge no, og eg har trua på at dette er noko å byggje vidare på, seier kapteinen til slutt.

Jesper Törnqvist var solid i forsvar for Hødd i cupkampen mot Spjelkavik. Foto: Per Werkland.