I konkurranse med 26 andre jenter, mange av dei eit år eldre, var det Anny Våge Molvær frå Ulsteinvik som gjekk til topps i slalåmkonkurransen under Vestlandsmeisterskap i alpint i Myrkdalen.

Våge Molvær representerer Ørsta IL Alpin og har prestert godt gjennom fleire sesongar, spesielt i slalåm.

I Myrkdalen var ho raskast i begge omgangane, og vann til slutt med over tre sekund framom Mathea Stranden, også ho frå Ørsta Alpin. Stranden vann storslalåmen dagen etter. Der var ikkje Anny Våge Molvær like heldig. Ho hadde tredje beste tid etter første omgang, men fekk det tyngre i den andre og enda eit stykke bak.

I tillegg til Våge Molvær og Stranden fekk Ørsta Alpin også ein tredje Vestlandsmeister. Bendik Åmbakk vann storslalåm i U14-klassa.

Heile gruppa frå Ørsta Alpin under Vestlandsmeisterskap i Myrkdalen. Foto: Ørsta IL Alpin