Det var ikkje berre Hødd sitt A-lag som var i aksjon onsdag. Medan 2.-divisjonslaget spelte cupkamp mot Spjelkavik, (kampen kan du sjå i opptak her) spelte fleire andre lokale lag kampar.

3.-divisjon kvinner

Hødd sitt 3.-divisjonslag for kvinner opna sesongen med ein 5-1 siger over Herd sist, men fekk det tyngre heime mot Blindheim IL denne veka. Kampen starta livleg, med to scoringar i løpet av dei første fire minutta.

Hanne Rekdal Aasen gav bortelaget leiinga allereie etter to minutt, men Hødd svara raskt og utlikna ved Anna Nerland Aahjem. Det blei med dei to tidlege scoringane i den første omgangen, men også etter pause var Blindheim kjapt ute av startblokkene. Etter 47 minutt låg ballen igjen i Hødd-målet, denne gongen etter scoring frå Frida Voll Hareide. Om lag 20 minutt før slutt la Hanne Rekdal Aasen på til 1-3 og det enda dermed med bortesiger i Hødd-damene sin første heimekamp.

4.-divisjon kvinner

I 4.-divisjon kvinner blir det spelt to heimekampar på Hareidlandet torsdag. Då skal både Hareid og Hødd rekrutt i aksjon. Hareid møter Bergsøy til lokaloppgjer på Hareidsmyrane, medan Hødd Rekrutt møter Valder på Høddvoll. Begge desse laga vann sine første kampar.

Ifølgje Hareid IL si Facebook-side er oppmøtet på trening så god at laget som i utgangspunktet skulle stille som 9ar-lag no prøvar å gjennomføre sesongen 11 mot 11. I opningskampen vann Hareid-damene 4-2 borte mot Stranda.

6.-divisjon

Hareid 2 fekk ein god sesongstart etter 3-2 sigeren over Åheim/Stadt sist veke. Denne veka var Vartdal, som spelte 5.-divisjon sist sesong motstander. Vi har fått dette referatet frå Hareid 2:

Trygt og solid av Hareid 2

Med tanke på at Hareid 2 tapte 9-0 mot Hødd 3 i generalprøven må det vere lov å påstå at dei har hatt ein overraskande god start på årets 6.-divisjon.

For også i årets andre seriekamp (begge heime) vart det tre poeng. Hareid spelte ein god 1. omgang heime mot Vartdal og leia 2-0 til pause. Vartdal skapte fint lite denne omgangen, og det som kom av forsøk tok eit solid forsvar og ein trygg Rikard J. Osnes i Hareid-målet seg av på godt vis.

1-0 kom då Eirik W. Brandal heada eit innlegg frå venstrebacken Einar Orten Trovåg i mål. 2-0 kom ved Thor-Ove Brekke – etter eit fikst forarbeid av Venthan Ketheeswaran.

Hareid var også best i andre omgang. Tempoet var ein del lågare no. Men Hareid kom framleis til sjansar. Denne omgangen var effektiviteten dessverre dårleg. Vi noterte nokre forsøk frå Vartdal, men det vart liksom aldri kjempefarleg frå bortelagets side.

Hareid får det nok tøffare neste veke når Hasundgot kjem på besøk. Vi merkar oss at både Ben Buntu og Lars Roar Holstad årsdebuterte for Hareid 2. Holstad er ikkje aktuell neste veke. Då er han på jobb i Begen. Aktuell neste veke er heller ikkje spissen Arthur Hareide, som no reiser på sjøen og blir vekke i sju-åtte veker. Altså same «skjebne» som den solide midtstopparen Daniel Reite.

Hareid (4-4-1-1): Rikard J. Osnes – Håvard Bolstad Banne, Andreas Emdal Fure (K), Lars Roar Holstad, Einar Orten Trovåg – Ben Buntu, Thanusan Tharumalingam, Benjamin Slettebakk, Ventan Ketheeswaran – Eirik Walaunet Brandal – Thor-Ove Brekke + Arthur Hareide, Kevin Øvrelid, Ulrich Kurseth, Antoni Gardshol.

*** Holstad, ** Fure, * Osnes

REF.

Men der Hareid 2 har fått ein "perfekt" start på sesongen med to trepoengarar, har det gått tråare for neste vekes motstander Hasundgot. Laget som ønskjer å kjempe i toppen av avdelinga gjekk på eit uventa poengtap etter 1-1 borte mot Tjørvåg i serieopninga, og fekk det ikkje lettare onsdag.

Heime mot Bergsøy 2 blei det nemleg tap for Hasundgot.

Heimelaget tok leiinga etter 18 minutt ved Ruben Muren, men før pause hadde Bergsøy 2 scora tre gongar, først ved Frantz Frantzen og deretter to gongar ved Peter Daniel Baade.

Etter pausen tok det berre ti minutt før bortelaget sette kveldens fjerde, denne gongen ved Ole Magne Rotevatn. Petern Daniel Baade noterte seg for sitt tredje etter 67 minutt, og då blei scoringa til Nicolai Haddal Molvær fem minutt seinare meir som eit trøystemål å rekne.

For 12 minutt før slutt sette Bergsøy 2 inn sitt sjette mål for kvelden, og sjølv om Sebastian Kleven Moldskred teikna seg på scoringslista like før slutt blei det tap for Hasundgot. 3-6 vart sluttresultatet, og Bergsøy 2 toppar tabellen saman med Hareid 2. Her kan dei få selskap av Åmdal, men dei skal opp mot Hødd 3, som torsdag spelar sin første kamp i avdelinga.

Den tredje kampen som vart spelt i denne avdelinga onsdag var Tjørvåg mot Moltustranda. Her var det Tjørvåg som trekte lengste strået, og som til slutt vann 3-0.