Gjennom mange, mange treningstimar har Edel Charlotte Eiken Fosse frå Ulsteinvik terpa og terpa på detaljar i dei fire øvingane som til saman gjorde ho til individuell norgesmeister i turn for juniorar laurdag. Meisterskapet blei i år arrangert av Nordstrand Turnforening, og gjekk av stabelen i Leirskalen Turnhall. Ho blei også sølvvinnar i lagkonkurransen saman med Nidaros Turnforening, som ho representerer.

Ho vann tittelen etter å ha turna til poengsummane 12.550, 11.400, 11.150 og 12.800 (totalt 47.900), høvesvis i øvingane hopp, skranke, bom og frittståande. (Sjå resultata her).

Kvalifisert til ungdoms-OL

Til Vikebladet Vestposten fortel pappa og trenar Vidar Fosse at dei gode resultata gjer at dottera er kvalifisert til alt av det som stod på spel i forkant av NM. Førsteplassen gav ho ein plass i troppen til årets europeiske ungdoms-OL i Ungarn i juli. Men før det, i mai, går Nordisk meisterskap av stabelen i Oslo. Denne konkurransen er Edel Charlotte også klar for. Dagens resultat kvalifiserte ho også til ein stor invitasjonskonkurranse i Gent.

- Dette gjekk veldig bra, og det var veldig kjekt å få tittelen som norgesmeister, seier Edel Charlotte til Vikebladet Vestposten per telefon.

- Korleis er det å kunne smykke seg med tittelen?

- Det er i grunnen vanskeelg å seie, eg har ikkje hatt den så veldig lenge, seier Edel Charlotte og flirer.

Etter konkurransen venta banketten på Thon Hotel Opera i Oslo.

Bom-fall kunne øydelagt

Som nemnt turna ho til gode resultat i kvar enkelt av dei fire øvingane i den individuelle konkurransen, men somme var litt svakare enn andre, fortel Vidar Fosse.

- Edel Charlotte var litt uheldig på bommen, og fall ned, men det gjekk bra likevel. Ein score på 11.150 er ikkje gale med fall, seier Vidar og legg til:

- Ho turna så ein fantastisk frittståande, truleg den beste ho nokosinne har turna.

Edel Charlotte skal i elden igjen søndag, då i enkeltfinalane i frittståande, skranke og hopp.

- Ho er storfavoritt i skranke og frittståande. Det blir spanande å sjå kva ho kan prestere.

Her står Edel Charlotte Eiken Fosse på toppen av pallen etter at ho blei individuell norgesmeister i turn for juniorar under NM i Leirskalen Turnhall på Nordstrand. Foto: Vidar Fosse.