Ulsteiningen Edel Charlotte Eiken Fosse blei laurdag individuell junior-norgesmeister under sitt siste junior-NM i turn, med ein total score på 47.900, knappe 0.200 framføre Mari Tideman Kanter frå Holmen TT.

Ho vann tittelen etter å ha sett poengsummane 12.550, 11.400, 11.150 og 12.800 (totalt 47.900), høvesvis i øvingane hopp, skranke, bom og frittståande. (Sjå resultata her).

Edel Charlotte blei også sølvvinnar i lagkonkurransen saman med Nidaros Turn, som ho representerer.

Søstera Pernille Eiken Fosse, som representerer IL Hødd Turn, kom til slutt på 23. plass, med ein poengsum på 40.350. Imponerande, med tanke på at ho var med i sitt første junior-NM.

Mykje stod på spel

Vikebladet Vestposten har tidlegare skrive at det ville stå meir på spel enn ein NM-tittel når Nordstrand Turnforening inviterte til junior-NM i Leirskalen Turnhall. Premien for ein førsteplass kunne nemleg verte ein plass i troppen til årets europeiske ungdoms-OL.

Les også: Håpar på å ta steget heilt til topps

I mai går Nordisk meisterskap av stabelen i Oslo, medan European Youth Olympic Festival (EYOF) blir arrangert i Ungarn i slutten av juli. Junior-NM er ei av konkurransane som blir vurdert når utøvarane skal plukkast ut til desse to arrangementa. Konkurransen kan også kvalifisere til ein stor invitasjonskonkurranse i Gent.