- Vi er ein flott fotballfamilie. Ikkje berre er Blåsarane Hødd sin tolvte mann, dei er også gode vener av alle oss spelarane, seier lagkaptein Jesper Törnqvist til Vikebladet Vestposten.

Laurdag tok fleire frå A-laget til Hødd turen til Blåsarbua på Amfi Ulsteinvik, der det både blei litt mimring frå cupeventyret i 2012, men også triksekonkurranse mellom spelarane. Ei fin, sosial stund, der fansen fekk slå av ein prat med spelarane.

- Det er første gongen vi gjer dette i år, men det blir garantert ikkje siste gongen vi gjer det. Det er viktig for oss å få bli kjent med spelarane våre, men også for dei å få møte fansen, seier Atle Moldskred, talsmann for Blåsarane.

- Dei er utruleg viktige

Hødd-kapteinen fortel lokalavisa at det var heilt sjølvsagt at han og fleire andre frå laget tok turen når invitasjonen kom frå Blåsarane.

- Dei gjer så mykje for oss, og stiller opp på kvar einaste bortekamp. Eg trur eigentleg ikkje dei kan førestille seg kor viktige dei er for oss. Har vi ein dårleg dag på bana, løfter dei oss opp igjen, seier Törnqvist og legg til:

- Vi kjenner Blåsarane godt frå mange kjekke turar vi har vore på opp gjennom åra, og eg håper dei held fram med å støtte oss slik dei gjer. Dei er utruleg viktige.

Tøft oppgjer søndag

Søndag reiser Hødd til Jæren for å møte Bryne, i det som garantert vil bli eit knalltøft oppgjer, mot kanskje det beste laget i avdelinga. Bømlingen Torbjørn Kallevåg enda til slutt opp som vinnar av triksekonkurransen mellom spelarane, og blir garantert ein av dei viktigaste brikkene for Hødd mot Bryne.

- Det blir heilt garantert eit tøft møte. Men, vi skal slå dei vi, seier ein smilande Kallevåg.