For kampreferat, sjå eiga sak.

Før kampen

Hødd og Bryne har dei siste sesongane møtt kvarandre i 1.-divisjon. I år spelar begge i 2.-divisjon avdeling 2, og sundag møtest laga på Bryne stadion.

Hødd har slite med å avgjere kampane til sin fordel i serieopninga, og står med to poeng etter uavgjort mot både Vard Haugesund og Fram Larvik. Bryne har fått det betre til å stemme, og står allereie med seks poeng. Bryne har slått både Fana og Odd 2 i opninga, og onsdag vann dei 4-0 mot Brodd i cupen.

Også Hødd tok seg greitt vidare til andre runde i NM, etter at Spjelkavik vart slått 4-1. Der vart Amani Mbedule tomålsscorar, i tlilegg til å vere involvert i Hødd sitt første mål. Kanskje er det nok til at han også får sjansen mot Bryne.

Dei siste sesongane har Hødd hatt brukbart tap på Bryne. Det blei rett nok to uavgjortkampar i 2016, men ein må tilbake til siste kamp i 2014 for å finne siste tapet mot jærbuane.

Amani Mbedule scora to mot Spjelkavik i cupen. Får han sjansen borte mot Bryne? Foto: Per Werkland.