I helga tapte Hødd 3–0 borte for Bryne i 2.-divisjon. Laget er allereie sju poeng bak Bryne og Nardo som toppar avdelinga. Hødd har dermed fått ein vanskeleg inngang på sesongen, men 24. mai ventar ei skikkeleg gulrot, både for spelarar, støtteapparat og publikum.

Då kjem Ole Gunnar Solskjær, Fredrik Aursnes og Molde FK til Høddvoll og andre runde i cupen. Det håpar Sindre Eid og Torbjørn Kallevåg å kunne bruke som inspirasjon i tida framover. Kallevåg har nemleg vore heilt klar på at han ønskte seg Eliteseriemotstand.

– Det er eitt av dei beste laga vi kunne få, så det blir kult. Det blir ei god utfordring for oss. Eg håpar det kjem mykje folk, og at vi får eit skikkeleg trykk rundt kampen. Hødd har ei moglegheit dersom vi spelar opp mot vårt beste, og spesielt dersom Molde stiller litt svekka, seier Kallevåg.

Hødd må uansett prestere mykje betre enn då laga møttest til treningskamp i vinter. Då gjekk det meste gale for Hødd, som til slutt tapte 8–0. Det gjekk klart betre sist laga møttest i cupen. I 2013 var Hødd minutt frå å slå ut Molde på Høddvoll, men ei overtidsscoring førte laga til ekstraomgangar og til slutt straffekonk, der bortelaget var sterkast.

Må bruke NM-kampen positivt

På Bryne stadion hadde Kallevåg sjansen til å sende Hødd i føringa allereie etter nokre få minutt. Hødd fekk straffe, men avslutninga til Kallevåg var ikkje god nok. I staden gjekk Bryne opp i 1–0 få minutt seinare.

– Vi må finne lyspunkt i ein slik sesong og må bruke denne kampen som motivasjon. Det var tungt nede på Bryne, både for laget og meg personleg, så vi må bruke dei sjansane vi har til å skape positive opplevingar. Kampen mot Molde må gje motivasjon til å trene knallhardt framover, for dette er ei skikkeleg gulrot, meiner midtbanespelaren.

Cupkampen kan også vere første gongen Fredrik Aursnes møter gamleklubben i offisiell kamp. Dermed kan det bli ein midtbaneduell mellom Kallevåg og Aursnes, og førstnemnde er ute etter ein skikkeleg skalp.

– Ja, når ein ser at Volda kan ha 2–2 mot Molde etter 80 minutt, så kan vi også klare det, og så får eg klippe ned Aursnes om eg får sjansen, ler Kallevåg.

Også Sindre Eid håpar laget kan la seg inspirere av å skulle møte eit av landet beste lag.

– Det blir ein fotballfest uansett, men eg håpar alle i klubben kan la seg motivere av at vi har denne kampen å sjå fram til. At det kan gje oss ein «boost» også i seriespelet i tida framover.

Som Kallevåg nemner var Volda nære ved å få ekstraomgangar i sin førsterundekamp mot Molde. Sindre Eid trur Eliteserielaget kjem til å stille med eit noko sterkare mannskap mot Hødd, men trenaren utelukkar ikkje at Hødd kan verte eit bananskal for Molde.

– Vi har vist før at vi kan slå kven som helst i einskildkampar. Det ligg litt i DNA'et til klubben, å tukte favorittane med jamne mellomrom. Det er ein kamp vi gler oss til, seier Eid.

Burde hatt fleire poeng

Hødd må uansett løfte seg ein heil del dersom det skal vere aktuelt med nokon Eliteserieskalp. To poeng på tre kampar i 2. divisjon er langt bak det klubben hadde håpa på.

– Vi burde hatt tre poeng mot Fram, og eigentleg mot Vard også. Bryne borte er vel tøffaste bortekampen vi spelar i år, så isolert sett er det ikkje krise å tape der, men vi skulle helst hatt minst fire poeng.

Ifølgje Kallevåg har Hødd vore for dårlege i begge endar av banen så langt i sesongen.

– Vi brukar for mange sjansar på å score sjølv, men lar andre få bruke for få på å score sine mål. Sjansestatistikken er ikkje krise, men det blir for ofte store sjansar til motstandarane. Eg saknar litt at alle som er ute på banen tek endå meir ansvar. Både defensivt og offensivt. At ein ikkje gøymer seg vekk. No gjeld det å stå opp og ønske å bidra for laget.

Sindre Eid meiner laget har prestert ok i dei tre første kampane, men han er einig med Kallevåg i at ein både scorar for lite og slepp til for mykje bakover.

– Mål er det som står på resultattavla og det er dei som tel til slutt. Der har vi ikkje vore gode nok, men eg meiner det er eit potensial i spelet vårt. Spesielt framover i banen har vi mykje nye folk. Det er ikkje alle relasjonane som er der heilt endå, men vi har definitivt spelarar som kan plage sjølv Molde, avsluttar Eid.

Nære på cupskalp: Erik Sandal scora for Hødd i cupkampen mot Molde på Høddvoll i 2013. Då heldt Hødd på leiinga til ein var på overtid. Molde avgjorde til slutt etter straffekonk. Foto:Per Werkland