Laurdag var Hødd sitt G19-lag vertskap for Herd i første runde av NM for G19-lag. Denne gongen var det likevel ikkje Høddvoll som var arena for Hødd-gutane, men i staden Solsida stadion i Haddal, ettersom Høddvoll blir brukt til innspeling av tv-serien "Hjemmebane".

Men Hødd hadde få problem på si lånte heimebane. Peter Hasund gav dei blåkvite leiinga etter ein corner, før Sveinung Tilseth Sæterås sette ein retur i mål etter ein ny corner. Då var det spelt 27 minutt.

Hødd hadde også fleire brukbare forsøk i den første omgangen, men utan at det vart veldig farleg. Det vart det heller ikkje i andre enden, for Herd skapte lite, sjølv om berre ein i Hødd sin bakre firar vanlegvis spelar i forsvar. Peter Hasund og Petter Worren (begge vanlegvis midtbanespelarar) hadde god kontroll i midtforsvaret.

To med to etter pause

Etter pause var det framleis Hødd som førte kampen i Haddal, men omgangen starta rotete og utan dei store sjansane.

Det var i utgangspunktet ikkje nokon stor sjanse då 3-0 kom heller, men Isak Haanes kjempa til seg ballen frå ein Herd-forsvarar og sette ballen forbi keeper med ei fin avslutning.

Fem minutt seinare kom nummer fire for Hødd, denne gongen ved Håkon Botn Brautaset. Hødd spelte seg vakkert gjennom Herd-forsvaret, og Brautaset passerte keeper før han sette inn 4-0.

Hødd var aldri særleg truga defensivt av Herd, men det vart litt dramatikk då Petter Worren vart utvist etter 70 minutt. Det kom etter ein situasjon der ein Herd-spelar var seint inne etter at Worren hadde spelt frå seg ballen, men det var vanskeleg å sjå frå underteikna sin posisjon om reaksjonen frå Hødd-spelaren fortente det raude kortet.

At det vart ein Hødd-spelar mindre på banen såg likevel ikkje ut til å hjelpe bortelaget. Sju minutt før full tid var Botn Brautaset igjen på farten og sette inn 5-0 via ein forsvarsspelar. Det førte til at keeper gjekk feil veg og ikkje hadde moglegheit til å redde avslutninga.

Kort tid før ein gjekk inn i overtida fekk også Herd ein spelar utvist. Dette grunna to gule kort i løpet av kort tid.

Heimelaget skulle også få ei siste scoring. Peter Hasund leverte ei strøken pasning fram til Isak Haanes, som kom skrått inn i 16-meteren og sette ballen til side for keeper til sitt andre mål for dagen. Dermed 6-0 til Hødd og eit enkelt avansement på Solsida.

NM G19 runde 1:

Hødd - Herd 6 - 0 (2-0)

Dommar: Morten Berge Digernes, Bergsøy IL

Gule kort Hødd: Eirik Franke Saunes, Bastian Rasmussen

Raudt kort Hødd: Petter Haddal Worren.

Mål: Peter Hasund, Sveinung Tilseth Sæterås, Isak Haanes (x2), Håkon Botn Brautaset (x2)

Hødd: Sivert Pieroth - Bastian Rasmussen, Peter Hasund, Petter Worren, Sveinung Tilseth Sæterås - Eirik Franke SAunes, Sander Djupvik, Isak Skotheim - Isak Haanes, Håkon Botn Brautaset, Gustav Brandal Dimmen.

Innbytarar: Joakim Goksøyr Ulstein, Iver Saunes Roald, Håkon Grimstad Thormodsæter, Sondre Muren Gjerdsbakk, Christoffer Bringsvor.