Både Hareid og Hødd 2 har starta sesongen utan tap. Hødd-rekruttane har vunne fire strake kampar, medan Hareid står med to sigrar og to uavgjorte kampar.

16. mai tek det unge Hødd-laget den korte turen over Eidet for å møte Hareid til toppkamp, og til det som teiknar til å verte ein skikkeleg fotballfest. Kampen mellom dei to naboane er også full av interessante duellar.

Mellom anna var Einar Magne Skeide trenar for både Hødd-rekrutt og Hareid i 2016. I år leier han Hødd 2 saman med Sander Håskjold Nyland. På den andre trenarbenken står Kenneth Moldskred, som var rekrutt-trenar i Hødd så seint som i 2015.

I Moldskred sitt trenarteam finn vi også Ruben-Kenneth Brandal, som vart noregsmeister med Hødd i 2012, og som spelte i klubben ut 2015-sesongen. Brandal er heller ikkje åleine om å ha vore innom Hødd. Det har også mellom anna kaptein Torgeir Skeide (son av Hødd-trenar Einar Magne), samt Emil Viddal. Og i vinter har Rikard Osnes, Amanuel Hagos og Zakarie Ushey slutta seg til raudtrøyene.

Det har heller ikkje vore fritt for hareidsdølingar i Hødd-troppen denne sesongen. Ole Monrad Alme har fått eit par kampar mellom stengene, medan Martin Mork Breivik har spelt både mot Bergsøy og Godøy. Kanskje møter sistnemnde sin yngre bror Håvard til duell på Hareid tysdag?

Hødd scorar mest

Hødd 2 har så langt denne sesongen stilt med sterke kamptroppar i 4.-divisjon, der ein mellom anna har brukt spelarar som Andreas Breimyr, Magnus Myklebust, Sondre Beite med fleire frå A-laget. Truleg blir det også eit slagkraftig lag som tek turen til Hareid tysdag i jakta på ein femte strake siger.

Hødd 2 har scora klart mest i årets 4.-divisjon, og har heile 19 fulltreffarar på fire kampar. Hareid har ikkje scora meir enn fem mål så langt, men tysdagens heimelag slepp heller ikkje inn særleg med mål. Faktisk er det Hareid og Volda som har vore gjerrigast i dei fire første rundane (tre baklengsmål kvar).

Sist laga møttest i offisiell kamp var i 3.-divisjon hausten 2012. Den sesongen var Hødd 2 sterkast i begge oppgjera, og på Hareid enda det heile 7–0 i favør dei blåkvite.

Ifølgje Fotball.no stiller Hareid med dette laget:

Sigve Overå Hide - Gustav Bjørlykke Kløvning, Eiliv Tore Howlid, Håvard Mork Breivik, Nauris Driksna - Ruben-Kenneth Brandal, Nikolay Sundgot, Sondre Hasund, Torgeir Skeide, Runar Stranden - Martinus Røyset Bakken.

Benk: Rikard Osnes, Lars Roar Holstad, Fredrik Andresen, Henrik Holstad, Zakarie Ushey, Håvard Øvrelid.

Hødd 2 har med seg denne troppen til Hareid:

Ole Monrad Alme, Andreas Moldskred, Andreas Breimyr, Martin Mork Breivik, Sveinung Tilseth, Aleksander Rekdal, Sander Djupvik, Isak Skotheim, Gustav Brandal Dimmen, Preben Sætre, Isak Haanes, Elias Martin Flø, Eirik F. Saunes, Håkon Brautaset, Sondre Beite, Amani Mbedule, Badr Rahhaoui, Bastian Myklebust Rasmussen.

Bortelaget stiller knallsterkt frå start mot Hareid. Dette er startoppstillinga til Hødd 2:

Ole Monrad Alme - Martin Mork Breivik, Andreas Breimyr, Preben Sætre, Isak Haanes - Håkon Botn Brautaset, Eirik Franke Saunes, Elias Flø - Sondre Beite, Badr Rahhaoui, Amani Mbedule.

Benk: Andreas Moldskred, Aleksander Rekdal, Bastian Rasmussen, Gustav Dimmen, Isak Skotheim, Sander Djupvik.