Friidrettsklubben frå Ulsteinvik har vore velsigna med svært spanande mangekjemparar i fleire år. Karsten Warholm er U18-verdsmeister, medan Toralv Opsal har teke over arven, og imponerte under U20-VM sist sommar. Opsal er også den det er størst forventningar til før NM og UM i mangekamp i Arna komande helg, men han reiser ikkje åleine til Hordaland.

Tre debutantar

Denne gongen stiller Dimna IL med heile fem utøvarar, og er saman med Sturla IF den største klubben under NM.

– Vi har stort sett vore representerte på dei fleste av desse meisterskapa dei siste åra, men aldri med så mange. I tillegg til Toralv så stiller Anna Kleven, Kornelia Roppen og Malene Skaar Berg i 15-årsklassa. Det er tre allsidige jenter og dei får med seg ei ny erfaring denne gongen. Kevin Olai Wingsternes Svarstad er med i 16-årsklassa. Han debuterte i fjor og tok bronse då, fortel trenar Arve Hatløy.

Trenaren legg til at Wingsternes Svarstad framleis har nokre øvingar, spesielt stavsprang og kastøvingar, der han treng meir tid for å verkeleg kunne hevde seg.

Les også: Tok gull og bronse

Satsar på EM-krav

For Toralv Opsal sin del er hovudprioriteten under NM å klare EM-kravet til sommarens U20-EM.

– Dersom han er i same form i sommar som i fjor så kan han vere ein medaljekandidat der. Vi forventar at han vil gjere det bra i helga, og bra nok til å ta EM-kravet. Då vil han kunne byrje å konsentrere seg om og trene mot det som skal skje til sommaren, fortel Hatløy.

Opsal tok ein knallsterk 5.-plass under U20-VM 2016, men i vinter har ikkje mangekamptalentet fått trent optimalt.

– Han måtte gjennom ein brokkoperasjon i januar, men han har kome i bra form no. Spesielt løpsforma er god, og han testa nokre av dei tekniske øvingane i helga og det fungerte greitt, seier Hatløy.

NM og UM blir arrangert laurdag og sundag. Det er Fri IL som står som arrangør av meisterskapen.

Kornelia Roppen, Anna Kleven og Malene Skaar Berg debuterer under mangekamp-UM til helga. Foto: Andreas Bjerknes