Både Kevin Olai Wingsternes Svarstad og Toralv Opsal deltok under NM/UM i mangekamp i 2016. Då representerte Kevin Hareid IL, men i år deltek begge for Dimna IL.
(Foto: Arve Hatløy/Dimna IL)

Både Kevin Olai Wingsternes Svarstad og Toralv Opsal deltok under NM/UM i mangekamp i 2016. Då representerte Kevin Hareid IL, men i år deltek begge for Dimna IL. Foto: Arve Hatløy/Dimna IL

Til NM som største klubb

Dimna IL reiser til mangekamp-NM med fem utøvarar. Det er flest, saman med Sturla IF.

Friidrettsklubben frå Ulsteinvik har vore velsigna med svært spanande mangekjemparar i fleire år. Karsten Warholm er U18-verdsmeister, medan Toralv Opsal har teke over arven, og imponerte under U20-VM sist sommar. Opsal er også den det er størst forventningar til før NM og UM i mangekamp i Arna komande helg, men han reiser ikkje åleine til Hordaland.

Tre debutantar

Denne gongen stiller Dimna IL med heile fem utøvarar, og er saman med Sturla IF den største klubben under NM.

– Vi har stort sett vore representerte på dei fleste av desse meisterskapa dei siste åra, men aldri med så mange. I tillegg til Toralv så stiller Anna Kleven, Kornelia Roppen og Malene Skaar Berg i 15-årsklassa. Det er tre allsidige jenter og dei får med seg ei ny erfaring denne gongen. Kevin Olai Wingsternes Svarstad er med i 16-årsklassa. Han debuterte i fjor og tok bronse då, fortel trenar Arve Hatløy.

Trenaren legg til at Wingsternes Svarstad framleis har nokre øvingar, spesielt stavsprang og kastøvingar, der han treng meir tid for å verkeleg kunne hevde seg.

Les også: Tok gull og bronse

Satsar på EM-krav

For Toralv Opsal sin del er hovudprioriteten under NM å klare EM-kravet til sommarens U20-EM.

– Dersom han er i same form i sommar som i fjor så kan han vere ein medaljekandidat der. Vi forventar at han vil gjere det bra i helga, og bra nok til å ta EM-kravet. Då vil han kunne byrje å konsentrere seg om og trene mot det som skal skje til sommaren, fortel Hatløy. 

Opsal tok ein knallsterk 5.-plass under U20-VM 2016, men i vinter har ikkje mangekamptalentet fått trent optimalt.

– Han måtte gjennom ein brokkoperasjon i januar, men han har kome i bra form no. Spesielt løpsforma er god, og han testa nokre av dei tekniske øvingane i helga og det fungerte greitt, seier Hatløy.

NM og UM blir arrangert laurdag og sundag. Det er Fri IL som står som arrangør av meisterskapen.

Kornelia Roppen, Anna Kleven og Malene Skaar Berg debuterer under mangekamp-UM til helga. (Foto: Andreas Bjerknes)

Kornelia Roppen, Anna Kleven og Malene Skaar Berg debuterer under mangekamp-UM til helga. Foto: Andreas Bjerknes

Blir lest no
 

Meir å lese på Vikebladet Vestposten:
 

NM: Hødd - Molde

Fredrik Aursnes:

- Godt å vere tilbake

Hareidsdølingen Fredrik Aursnes var sjølvskriven for Molde på Høddvoll, og var nesten litt letta over at det ikkje var han som blei matchvinnar.

Ole Gunnar Solskjær:

- Hødd høyrer ikkje heime i 2. divisjon

Solskjær hadde berre gode ord om innsatsen til Hødd mot hans Molde.

Hødd - Molde 1-2:

- Surt å tape slik

Bendik Rise stod for Hødd sitt mål, og kunne fort blitt matchvinnar mot Molde. Men Molde ville det annleis.

God tid – dårlege forhold

Jonas André Ose sprang inn til 31. beste tid i Norge på 100 meter så langt i år.

Årsrapporten for Ulstein kommune:

Klarte seg gjennom eit tøft år

Fleire av kommunestyrepolitikarane gav ros til administrasjonen for god styring gjennom eit utfordrande år i fjor.

På flyttefot:

Folk flyttar til Sjøsida

– Vi gler oss veldig. Dette blir spanande, seier drivarane av Folk Spiseri. Les om flyttinga og utvidinga av konseptet her.

Ulstein kommunestyre:

Lukka saka på nytt etter debatt

Saka om overskridingane på Ulstein Arena blei som venta lukka. Å gi ut ein sladda versjon av dokumentet blei også vurdert.

Dieselutslepp frå Kleven Verft

Gaffeltruck stakk hol på dieseltank.

6.-divisjon

Tap mot serieleiarane

Medan Hødd 3 vann borte.

X-BOW på både film og papir

30. mai kjem hundrelappen med Ulstein X-BOW på. Men, designen har inspirert andre før, mellom anna norsk film og russiske frimerke.

Reketrålaren Remøy i arrest i Murmansk:

Ni av 17 får reise heim

Torsdag får ni av mannskapet på reketrålaren byrje på heimreisa til Norge.

Katrine og Thale skal på talentsamling

I juni går dei årvisse regionale talentsamlingane av stabelen i Orkanger, der to jenter frå Hødd Handball er med.