Saman med Mari Tideman Kanter, Anne Thingvold, Sigrid Skjerve Lello og Julie Røttum Madsø tok Edel Charlotte Eiken Fosse frå Ulsteinvik sølv i lagkonkurransen under Nordisk Meisterskap. Det vart arrangert i Haslehallen i Oslo.

Edel Charlotte turna til ein sjetteplass individuelt i firekampen, og var berre 1,1 poeng bak Tideman Kanter på bronseplass, sjølv om ho fekk eit fall i skranken. Ifølgje Vidar Fosse kosta dette henne heile 2,4 poeng. Ennu Kettunen frå Finland gjekk heilt til topps i konkurransen, og det var også dei finske jentene som vann lagkonkurransen.

Sundag var det klart for apparatfinalar for dei beste utøvarane i kvar øving. Edel Charlotte Eiken Fosse kvalifiserte seg her til hopp-finalen.

Også her blei det ein 6.-plass på Edel Charlotte med poengsummen 12,525. I apparatfinalane gjekk det best i bommen for dei norske jentene. Der tok Mari Tideman Kanter sølv, medan Anne Thingvold tok bronse.