Kristian Aasen Tjønneland sikra sigeren etter ei kanonavslutning opp Skulebakken. På pallen fekk han med seg ørstingen David Dagestad Myklebust og Ulstein og Omegn-syklisten Børge Remøy.

Den niande utgåva av Ulstein Nordea-rittet gjekk som vanleg i den 70 kilometer lange traseen rundt Gurskøya, med Leikongbakken som den største utfordringa.

Avgjorde opp Skulebakken

Som i tidlegare år, var det også i år opp Leikongbakken det verkeleg skilde mellom ryttarane.

Ei gruppe på åtte ryttarar samla seg i Gurskebotn, og heldt saman heile vegen inn til Ulsteinvik og foten av Skulebakken.

Opp bakken var Førde-syklisten Tjønneland sterkast, og det skilde heile 30 sekund ned til nummer åtte i gruppa.

Bak Tjønneland vart Myklebust nummer to, medan Ulstein Omegn sin eigen Børge Remøy sikra pallplass for arrangørklubben.

I dameklassen var det Mona Røyset som var raskast, med Eileen Berstad og Synnøve Haug på plassane bak. Begge frå Ulstein Omegn Sykkelklubb.

God Sikkerheit

Rittet gjekk føre seg utan velt og alvorlege uhell. Med god hjelp frå motorsyklistar og vakter ute i løypa, var det eit trygt og velarrangert sykkelritt.