Han hadde sine sjansar i løpet av nitti minutt heime på kjende og kjære Høddvoll, Molde sin midtbanevirtuos Fredrik Aursnes.

- Det ville seg ikkje for meg i denne kampen. Men, det var vel kanskje like greit at eg ikkje blei matchvinnar denne gongen, seier Aursnes og flirer.

Den tidlegare Hødd-spelaren fortalde Vikebladet Vestposten at det var godt å vere tilbake på Høddvoll.

- Det var veldig artig og herleg å vere tilbake igjen. Det blir ekstra kjekt når familien sit på tribuna også, seier Aursnes til lokalavisa.

- Heldige

Han måtte også innrømme at Molde var heldige som ikkje gjekk på eit tap mot Hødd.

- Vi var heldige, rett og slett. Det er ingen grunn til å legge skjul på det. Hødd var svært imponerande, medan vi var svært lite imponerande. Spesielt første omgang var veldig svak for vår del. Vi var mykje meir med i andre omgang. Dette held eigentleg ikkje til å vinne fotballkampar, men vi fekk to mål mot slutten og vann likevel. Vi var som sagt heldige i kveld.

Fredrik Aursnes meiner det Hødd viste mot eliteserielaget Molde viser prov på at det bur mykje i laget.

- Eg har ikkje fått sett så mange av kampane til Hødd i år, men det eg såg her i kveld var veldig bra. Dei har tre sigrar på rad i serien no, og det verkar som dei har noko på gang. Eg gler meg til å følgje med på ferda deira vidare, seier han til slutt.