Hødd var svært nære ved å sende Molde ut av cupen, men to effektive angrep mot slutten sikra avansement for Manchester United-legenda Ole Gunnar Solskjær sine menn. Og Solskjær nytta nettopp klubben han spelte 235 kampar for frå 1996 til 2007 som eksempel då han skulle forklare korleis Molde klarte å snu kampen i løpet av dei ti siste minutta pluss overtid.

- Sigeren her på Høddvoll viste kva som bur i gutta. Når dei ligg under så seint ut i kampen, og måten dei snur det på. Det vitnar om at dei har gode haldningar, og at vi maktar å snu kampar, også når vi kjempar mot klokka. Vi har gjort det i mange kampar før i år, og eg har sjølv spelt på eit lag som mange veit var kjend for nettopp dette. Dette er eit godt teikn, seier Solskjær til Vikebladet Vestposten.

Det var ikkje så heilt unaturleg at den tidlegare superspissen var den mest omsverma i intervjusona etter kamp. Molde-trenaren såg letta ut der han stod og svarte på spørsmål frå diverse media.

- Dette gav oss sjølvtillit, og det er viktig for oss å kome oss vidare i cupen, sa Solskjær.

- Veldig vanskelege å spele mot

Hødd tapte stort i treningskampen mot Molde tidlegare i år, men det dei blåkvite viste Molde, som spelte i heilkvite drakter i denne kampen, var noko heilt anna. Det merka også Ole Gunnar Solskjær seg.

- Dei er veldig vanskelege å spele mot. Vi slo dei 8-0 i vinter, men Sindre (Eid) har verkeleg fått skikk på dei sidan den gongen, seier han.

Molde-trenaren meiner Hødd på ingen måte høyrer heime i 2. divisjon.

- Dette er eit OBOS-lag, utan tvil. Eigentleg skulle dette laget vore på øvre halvdel på tabellen i OBOS-ligaen, ikkje i 2. divisjon. I denne kampen ser ein til dømes duoen Torbjørn Kallevåg og Henrik Breimyr på midten for Hødd, to spelarar eg trur har ei stor framtid. Men eg ønskjer å gje ros til alle på dagens Hødd-lag. Dei gjorde det verkeleg vanskeleg for oss i dag, seier Solskjær.

Godt samarbeid

Det er ikkje vanskeleg å sjå at Ole Gunnar Solskjær har eit godt forhold til Hødd-trenar Sindre Eid og hans trenarteam, og kristiansundaren fortel at Molde og Hødd lenge har hatt eit godt samarbeid.

- Vi kjenner kvarandre godt både på og utanfor bana. Det er ein føregangsklubb i forhold til å utvikle spelarar. Vi har Fredrik (Aursnes) i laget vårt no, som har ei god fortid i Hødd. Han spelte kanskje ikkje sin beste kamp i dag mot Hødd, men han har vore heilt super sidan han kom til oss frå denne fantastiske utviklingsarenaen på Høddvoll, seier Ole Gunnar Solskjær til slutt.