Første omgang

Hødd gjekk rett frå startblokkene og i angrep mot Molde, utan spesielt stor respekt for eliteserielaget. Molde sikra seg eit frispark etter fire minutt, då kjappe Sander Svendsen blei felt. Svendsen tok frisparket sjølv, men ballen gjekk langt over.

Etter 10 minutt kom Sander Svendsen svært nær med ein god sjanse frå kort hald, medan Thomas Amang var like nær berre minuttet etter.

Men så, etter 14 minutt, spelte Badr Rahhaoui seg fram i farleg posisjon, drog seg inn i bana, og fekk avslutta. Diverre gjekk ballen rett på mål.

Hødd var fullt på høgde med gjestane dei første tjue, men det merkast at Molde klarte å halde noko høgare tempo. Men det skulle også berre mangle, med tanke på divisjonsforskjellane.

Spelet bølgja mykje fram og tilbake i første halvdel av omgangen.

Ti minutt før pause var det framleis ingen mål på Høddvoll.

Etter 37 minutt kunne Molde-angripar Ottar Karlsson skyte frå distanse, men Hødd-keeper Jan-Lennart Urke fekk kontroll på ballen. Det blei med denne sjansen for bortelaget før begge laga kunne gå til pause.

Andre omgang

Etter pausen sette begge i gong på same måte som i første, med raskt tempo og kjappe pasningar. Molde var farleg framme og pressa Hødd første minutta.

Molde var ikkje langt unna scoring etter 59 minutt, då Hødd-keeper Jan-Lennart Urke ikkje fekk klarert ballen skikkeleg på eit innlegg. Ballen hamna hos Thomas Amang, som fort kunne sett ballen i buret. Men, han skaut i ein Hødd-spelar og ut igjen i bana.

68 minutt ut i kampen skulle derimot det Høddvoll-publikummet hadde drøymt om! Bendik Rise fekk ei pasning frå Bendik Torset og lada kanona frå rundt 17-18 meter. Via ein Molde-forsvarar trilla ballen i mål bak keeper Andreas Linde til 1-0.

Minuttet etter kunne innbytar Sondre Beite ha dobla leiinga for Hødd, då han kom seg heilt inn til femmeteren til Molde. Diverre blei det litt for mange driblingar, og Beite mista ballen.

Ti minutt før slutt steig lydnivået på tribunene, då heimepublikum sette i å rope "heia Hødd".

Men så blei det stille. Molde-forsvaret sende etter 81. minutt fram ballen til Thomas Amang. I duell med to Hødd-forsvararar gjekk Amang sigrande ut, og sette ballen forbi Jan-Lennart Urke til 1-1.

Eitt minutt på overtid skulle gjestane sikre seg nok eit mål. Etzaz Hussain lada kanona og skaut frå rundt 25 meter, og sette ballen i mål via Urke til 1-2.

Badr Rahhaoui fekk så ein god sjanse til å utlikne, men skotet blei boksa unna av Molde-keeperen.

Det enda med 2-1 siger for Molde på Høddvoll.

Slik stiller laga:

Hødd (4-3-3): Jan-Lennart Urke - Preben Sætre, Steffen Moltu, Jesper Törnqvist, Martin Mork Breivik - Henrik Breimyr, Torbjørn Kallevåg, Bendik Torset - Didrik Sereba, Bader Rahhaoui, Bendik Rise

Innbyte: Ole-Monrad Alme, Magnus Myklebust, Eirik Saunes, Andreas Breimyr, Sondre Beite, Håkon Brautaset, Aleksander Rekdal

Molde (4-3-3): Andreas Linde - Ole Martin Rindarøy, Stian Gregersen, Babacar Sarr, Christoffer Remmer - Etzaz Hussain, Fredrik Aursnes, Tobias Svendsen - Sander Svendsen, Thomas Amang, Ottar Magnus Karlsen

Før kampen

Hødd og Molde møtest til cupkamp for første gong sidan 2013. Kampstart er 18:00 og vi følgjer kvart spark på ballen.

Les også: - Ein kamp vi ser veldig fram til (For abonnentar)

Les også: - Vi må ikkje gå i fella (For abonnentar)